Gå til innhold
English A A A
08.05.2009 Forskarutdanning

Ph.d.-portrettet: Ingrid Birce Muftuoglu

I ein serie framover vil Det humanistiske fakultet presentere ph.d.-kandidatar ved fakultetet og prosjekta deira. Kvar enkelt som blir presentert peikar ut nestemann på lista.

Ingrid Birce Muftuoglu

Ingrid Birce Muftuoglu

  • Ingrid Birce Muftuoglu, master i kulturvitskap
  • Tilsett ved AHKR, men har arbeidsplass på Rokkansenteret. Stipendet er knytt til prosjektet "Da det personlige ble politisk. Kvinnebevegelsen på 1970-tallet", rettleiar er Hilde Danielsen ved Rokkansenteret, og birettleiar Tove Fjell ved AHKR.
  • Byrja i mai 2008, planlagt slutt i mai 2011.
  • Sekretær i STIP-HF

Kan du fortelje om prosjektet ditt?
- Prosjektet mitt har tittelen "Hverdagsaksjonen - personifisering og estetisering av 1970-tallets kvinnekamp". Eg ser på korleis kvinner på 1970-talet tok med seg ideala frå kvinnerørsla inn i heimen og relasjonane der. Eg skal analysere desse kvinnene sine tolkingar av den politiske bodskapen om eit frigjort og likestilt samfunn gjennom sentrale materielle uttrykk slik som klesdrakt, interiør og bilder. Korleis personifiserte, reformulerte og estetiserte dei dette inn i omgivnadene heime? Kva var den rette feministiske estetikken? Dette er nokre av dei spørsmåla eg stiller i prosjektet.

Kva kjeldemateriale brukar du?
- Som kulturvitar brukar eg eit svært vidt kjeldemateriale. Hovumaterialet er kvalitative intervju, prosjektet vil basere seg på om lag tjue informantar. Dette er kvinner som sjølv ser seg sjølv som aktive i kvinnerørsla på 1970-talet, og om lag halvparten hadde sentrale verv. Alle har så langt stilt seg positive til prosjektet, og synest at problemstillingane er interessante.

- Andre kjelder er materiale frå Byarkivet, møtereferat, pamflettar, publikasjonar og anna. Det er eit stort og uoversiktlig materiale vi prøver å orientere oss i! I tillegg er vi i ferd med å bygge opp ei boksamling over 1970-talet på Rokkansenteret, av både skjønn- og faglitteratur. Mykje av arbeidet føregår i forskingsgruppa, vi har alle våre spesifikke problemstillingar men arbeider saman om å få eit heilskapleg bilde av kvinnerørsla på denne tida. Vi høyrer alle til generasjonen som kom etterpå, dermed stiller vi også andre spørsmål enn dei som var ein del av rørsla. Det er eit svært godt miljø i forskargruppa som eg stor pris på.

Kvifor er dette prosjektet viktig?
- Dei ulike kvinnegruppene i denne perioden la ned eit stort arbeid som har hatt klare konsekvensar for korleis vi lever og tenker i dag. Eg meiner det er viktig å kaste lys over oppbrudda og krava til å endre livsstil og veremåte. Å gjøre lesingar av politiske ytringar gjennom materielle kulturuttrykk, trur eg kan bringe nye forståingar av stemninga og emosjonane i kvinnerørssla. Vi treng meir kunnskap om kva konsekvensar nye forståingar av kjønn, intimitet og politikk fekk. Det er også viktig å sjå på korleis kvinnerørsla var med på å endre synet på kva eit godt liv og kva ein familie er.

Er du knytt til andre nettverk nasjonalt eller internasjonalt?
- Gjennom Tone Hellesund som er leiar for hovudprosjektet har eg blitt introdusert for eit stort internasjonalt nettverk knytt til EU-prosjektet FEMCIT som ho deltar i. Der er det mellom anna relevante ph.d.-kurs for meg. Elles har vi i gruppa gode bindingar til nordiske nettverk innan same felt, særleg i Sverige. Og som kulturvitar nyter eg sjølvsagt godt av dei gode nettverka fagmiljøet her i Bergen har etablert i Norden, etnologi som fag har lange tradisjonar i både Sverige og Finland.

Ønsker for framtida?
- Eg håpar eg får moglegheit til å forske også etter doktorgradsutdanninga.

Fleire ph.d.-portrett

Sist endret: 19.6.2009