Gå til innhold
English A A A
08.05.2009 Forskarutdanning

Ph.d.-portrettet: Marianne Bøe

I ein serie framover vil Det humanistiske fakultet presentere ph.d.-kandidatar ved fakultetet og prosjekta deira. Kvar enkelt som blir presentert peikar ut nestemann på lista.

Marianne Bøe

Marianne Bøe

  • Marianne Bøe, hovudfag i religionsvitskap
  • Tilsett ved SKOK, rettleiar: Richard J. Natvig, AHKR, birettleiarar: Ellen Mortensen, SKOK og Knut Vikør, AHKR
  • Byrja februar 2008, planlagt slutt i januar 2012.
  • Medlem i STIP-HF, aktiv i ph.d.-gruppa innan forskargruppa i Midtausten og Afrikastudiar og stipendiatrepresentant i koordineringsgruppa til forskerskolen i kultur og samfunn.

Kan du fortelje om prosjektet ditt?
- Eg studerar ein familielovdebatt som pågår i dagens Iran. I 2007 kom det forslag om ny familielov, og dette forslaget har skapt mykje debatt. Lovforslaget omhandlar mellom anna felt som ekteskap, medgift, skilsmisse og polygami og vil ha svært mykje å seie for kvinners stilling i samfunnet. Mange kvinneaktivistar har engasjert seg sterkt i denne debatten, og det er denne gruppa eg ser på i mine undersøkingar. Dette er ei breitt samansett gruppe, med mellom anna journalistar, akademikarar og studentar som arbeider for å betre kvinners vilkår i Iran.

- Debatten gir eit godt bilde på dei ulike reformistiske og tradisjonalistiske perspektiva i landet, familielovgiving er noko alle i Iran snakkar om og engasjementet er stort. Kvinneperspektivet er spesielt interessant, i 2008 klarte faktisk desse røystene å endre to artiklar i lovforslaget samt å utsette iverksetting av lova.

Kva kjeldemateriale brukar du?
- I prosjektet mitt brukar eg intervju med fleire av desse kvinneaktivistane, eg har hatt to opphald i Teheran så langt. Eg hadde eit knippe nøkkelinformantar som eg kom i kontakt med gjennom hovudfaget mitt. Gjennom desse har eg fått kontakt med fleire nye informantar. Dei tar godt i mot meg, dei fleste er glade for at nokon utanfrå er interesserte i det dei driv med. Eg ser også på ein del av publikasjonane deira, som i hovudsak er publiserte på internett.

Kvifor er dette prosjektet viktig?
- Eg meier det er viktig å studere dei strategiane og den kampen kvinneaktivistane brukar og fører frå innsida, i staden for å kome med løysningar for den muslimske kvinna utanfrå. Islamsk lov er i stor grad dominert av religiøse autoritetar, men denne debatten visar at andre grupper - i dette tilfellet kvinneaktivistane - også har gjennomslagskraft. Det nyanserar vårt bilde av islam og muslimske kvinner, og det trur eg er svært viktig.

Er du knytt til andre nettverk nasjonalt eller internasjonalt?
- Nettverket mitt ved universitetet i Teheran har sjølvsagt vore svært viktig for meg under opphalda mine i byen. Eg er også med i eit forskingsnettverk om shia-islamsk lov ved universitetet i Exeter, og eg er medlem av British Institute of Persian Studies (BIPS). Og eg må seie at miljøet her i Bergen blant ph.d.-studentar innan Midtaustenfeltet har vore svært viktig for meg, både fagleg og sosialt.

Ønsker for framtida?
- Eg har ein del undervisning som del av pliktarbeidet mitt, og trivst svært godt med det. Eg håpar at eg kan få halde fram med undervisning og forsking også i framtida.

Fleire ph.d.-portrett

 

 

Sist endret: 19.6.2009