Gå til innhold
English A A A
08.05.2009 Forskarutdanning

STIP-HF - Ph.d.-kandidatutvalet ved HF

På startseminaret for nye stipendiatar i 2007 spurde ein av deltakarane om det fanst ein eigen interessorganisasjon for gruppa. Det gjorde det ikkje, men spørsmålet sette i gang tankar hos fleire av tilhøyrarane.

Frå venstre: Marianne Bøe, Ingrid Muftuoglu, Ann-Kristin Molde og Silje Hommedal

Frå venstre: Marianne Bøe, Ingrid Muftuoglu, Ann-Kristin Molde og Silje Hommedal

Ein av desse var Ann-Kristin Molde, stipendiat i nordisk, som saman med nokre fleire kalte inn til allmøte for alle ph.d.-kandidatar ved fakultetet. Resultatet vart Ph.d.-kandidatutvalet ved Det humanistiske fakultet (STIP-HF), eit fagpolitisk og fagleg-sosialt utval for ph.d.-gruppa.

Ved fakultetet er det i dag rundt 130 ph.d.-kandidatar, dette inkluderar både stipendiatar, eksternt finansierte kandidatar og kvotestudentar.

- Alle skal ha moglegheit til å påverke, difor er me eit utval der alle har møte- og forslagsrett, fortel Ann Kristin Molde, leiar i utvalet. Uvalet er valt ved allmøte og består elles av Ingrid Muftuoglu (sekretær), Marianne Bøe og Silje Hommedal.

- Behovet for eit slikt utval har vore mykje større enn eg i utgangspunktet trudde. Det har dukka opp mange saker undervegs, og utvalet blir brukt ikkje berre av PhD-kandidatar men også av andre instansar, fortel Molde. Dette er også noko av bakgrunnen for arbeidet med å få formalisert status som gruppe ved fakultetet. Og i slutten av februar vedtok fakultetsstyret å gi STIP-HF formell status som høyringsorgan i saker som gjeld forskarutdanning, og rett til å fremje forslag om representantar til ulike styre og utval. Medlemma skal også få kompensasjon for arbeidet dei legg ned i utvalet.

STIP-HF ser denne endra statusen som eit vendepunkt i arbeidet sitt.

- Tidlegare var det ofte vanskeleg å vite korleis ein skulle gripe fatt i saker utan å ha formelle fullmakter. No har vi det, og vi ønskjer å nytte potensialet i fakultetsstyrevedtaket for å få mest mogleg innverknad i saker som gjeld oss, seier Molde.

- Dette sikrar utvalet som støtte for ph.d.-kandidatane. No må vi sørgje for å bli meir synlege for gruppa, slik at vi kan hjelpe fleire. Det blir spesielt viktig i høve til nye kandidatar, seier Ingrid Muftuoglu.

Det skortar ikkje på engasjement blant ph.d.-kandidatane, fortel medlemma i utvalet. Særleg i aktuelle saker har det vore stort oppmøte og sterke meiningar. Viktige saker som utvalet har arbeidd med har vore organisering av pliktarbeid, retningsliner for artikkelbaserte avhandlingar, reisestøtte til utlandsopphald og opplæringsdelen i forskarutdanninga.

- Det er nok ein del forskjellsbehandling rundt om kring, me treng å få gode og klare retningslinjer for alle aspekt ved forskarutdanninga, meiner Marianne Bøe, som trekkjer fram at det er ph.d.-kandidatperspektivet som alltid vil vere tonegivande for STIP-HF.

I ein serie framover vil Det humanistiske fakultet presentere ph.d.-kandidatar ved fakultetet og prosjekta deira. Først ut er dei fire medlemma i STIP-HF, denne veka blir Marianne Bøe og Ingrid Muftuoglu presenterte, neste veke står Ann-Kristin Molde og Silje Hommedal for tur. Så går stafetten vidare blant ph.d.-kandidatane, og kvar enkelt som blir presentert peikar ut nestemann på lista.

 

Sist endret: 8.5.2009