Eksperiment på to språk
Eg rynkar augnebryna og stirrar på skjermen, prøver å skjerpe konsentrasjonen så langt eg kan. Peikefingrane dirrar på den grøne og den raude knappen, klare til handling. Eg er med på eit språkeksperiment, og her gjeld det å vere rask på avtrekkjaren.
I løpet av første halvdel av juni har professor i datalingvistikk, Koenraad De Smedt, hatt om lag tjue deltakarar i eksperimentet innom kontoret sitt. Her har dei bidratt til eit forskingsprosjekt om tospråklegheit, som er eit samarbeid mellom UiB og Universitetet i Nijmegen, Nederland. Dette er det fjerde eksperimentet utført i regi av prosjektet, og tar for seg ordgjenkjenning blant tospråklege i engelsk og norsk. Det endelege målet er å utvikle meir omfattande teoriar om og modellar for tospråklegheit.
- Korleis klarar ein å kjenne igjen ord i ein kontekst der to ulike ordforråd er aktive på same tid, spør professor De Smedt. Hypotesa er at visse markørar i eit ord gjer det lettare å kjenne igjen orda på kort tid. Desse markørane kan vere teikn som berre finst på det eine språket, som norsk æ, ø og å. Det kan også vere spesifikke stavemåtar i delar av ordet som er karakteristiske for språket, som til dømes wh- på engelsk eller sj- på norsk. Eksperimenta så langt visar at slike markørar nok bidreg ein del til ordgjenkjenning, me kan i alle fall ikkje sjå bort frå det.
Men kva er eigentleg tospråklegheit? De Smedt fortel at det handlar om å meistre to språk, men at det er ytterst få som er fullstendig tospråklege. Dei fleste har eit som er dominant - det språket dei lærte først eller det dei brukar mest. I denne samanhengen er det viktig at dei brukar det andre språket så mykje at dei reagerar instinktivt på det. Begge språka må altså vere i aktiv bruk i kvardagen.
Før eg set i gang med eksperimentet må eg svare på nokre spørsmål om bakgrunnen min, og korleis eg brukar dei to aktuelle språka, i dette tilfellet altså engelsk og norsk. Når det er unnagjort set eg meg til ved skjermen og knappebrettet. Gangen i eksperimentet er at det dukkar opp ord på skjermen, og så raskt som mogleg skal eg trykke på den grøne knappen om det er eit faktisk engelsk ord, og den raude knappen dersom det ikkje er det. Det kan vere norske ord, det kan vere tilsynelatande feilstava engelske ord eller det kan vere samansetningar av bokstavar som ikkje er meiningsberande. Eg trykkjer og trykkjer, det går overraskande fort og eit par-tre gonger trykkjer eg feil i rein iver. Men alt i alt kjem eg gjennom ganske greitt, trur eg, og føler meg hensatt til gloseprøvene på barneskulen. Eg ventar nesten at professoren skal ta fram raudblyanten og telle opp poenga mine, men det er nok ikkje slik det føregår her.
- Vi bryr oss ikkje så mykje om rett eller feil i denne samanhengen, det er reaksjonstida som er interessant. Dessverre er jo både utstyr og programvare gamal og enkel, dersom vi hadde hatt tilstrekkeleg teknisk utstyr og kompetanse kunne vi ha hatt andre ambisjonar. Innan fagfelt som nevrologi kan ein til dømes bruke MRI-scanning for å undersøke tilsvarande problemstillingar, men dette er sjølvsagt svært kostbart og utanfor vår rekkevidde enno, fortel Koenraad De Smedt. Så foreløpig må han og kollegene nøye seg med enkle knappebrett og eldre teknologi, men resultata er jo likefullt interessante og bidreg til å kaste lys over tospråklegheit som fenomen.
Sist endret: 17.6.2009
Nyheter fra Det humanistiske fakultet
- Doktoravhandlinger om e-læring (25.05.2012)
- Jon Erik Hagen til minne (25.05.2012)
- "Stemmen fra Griegakademiet" vant "The Voice" på TV2! (23.05.2012)
- Inga framtid for namnegransking? (22.05.2012)
- Senter for fremragende forskning til LLE? (21.05.2012)
Relaterte nyhetssaker
- Samarbeider med Festspillene (18.05.2012)
- Kvifor språk? (29.03.2012)
- CONVAR - Contact, variation and change: towards an empirical history of Irish English. (13.02.2012)
- I wish I could sprechen Sie deutsch (18.01.2012)
- Transkripsjon av russisk i BIBSYS (11.01.2012)
- Språkvitenskap