Gå til innhold
English A A A
04.06.2009 Forskarutdanning

Ph.d.-portrettet: Ole Jacob Madsen

I ein serie framover vil Det humanistiske fakultet presentere ph.d.-kandidatar ved fakultetet og prosjekta deira. Kvar enkelt som blir presentert peikar ut nestemann på lista. Denne veka er det Ole Jacob Madsen ved SVT som står for tur.

Ole Jacob Madsen

Ole Jacob Madsen

• Ole Jacob Madsen, psykolog med hovudfag i filosofi
• Universitetsstipendiat ved Senter for vitskapsteori, hovudrettleiar: Torjus Midtgarden (SVT), birettleiar: Tor-Johan Ekeland (Høgskulen i Volda)
• Byrja januar 2008, planlagt slutt i august 2011
• Har permisjon frå ph.d.-programmet i vår for å skrive boka "Psykologi og samfunn", som kjem ut på Universitetsforlaget hausten 2009.

Kan du fortelje om prosjektet ditt?
Det er ei undersøking av psykologiens nærvær i den vestlege kulturen, med fokus på moglege bieffektar som psykologien har på samfunn, kultur og politikk. Ein kan nok si at det er eit kritisk prosjekt som ser på skyggesida av psykologi og psykoterapi. Eg betraktar desse fagfelta frå utsida om du vil, med utgangspunkt i sentral modernitetsteori og politisk teori. Prosjektet hentar nok ein god del frå sosiologien, der det allereie fins ein viss kritikk av psykologien. Ein meiner at den endrar sosiale eller politiske forhold til private psykologiske disposisjonar og problem. Etter kvart som moderniteten har utvikla seg, har jo enkeltindividet i stadig større grad blitt gjort ansvarleg for sitt eige liv. Individualpsykoterapi kan i mange tilfelle vere ei viktig og nødvendig støtte, men den kan også vere med på å forsterke slike individuelle prosessar og faktisk hindre moglegheita til å fokusere på strukturen rundt individet.

Me kan sjå for oss eit ganske enkelt døme; tenk deg at ein arbeidstakar som blir uføretrygda og så deprimert som følgje av høgare krav til effektivitet på arbeidsplassen hennar. Frå psykologens ståstad vil det både vere klinisk og etisk rett å tilby individuell oppfølging der ein gir ei biografisk innramming av problemet ved å til dømes fokusere på mestringsstrategiane hennar osv. Men samtidig med at enkeltmennesket blir invitert inn i "det terapeutiske rommet" til å jobbe med seg sjølv, blir også samfunnets motsetningar, som endringar i det moderne arbeidslivet som stiller stadig høgare krav, tatt i behandling. Den ideologiske kritikken mot psykologi og psykoterapi handlar gjerne om at den overser desse moglege bieffektane av verksemda.

Kva kjeldemateriale brukar du?
Dette er i hovudsak ei teoretisk avhandling der eg brukar teoriar frå ulike fagfelt for å undersøke den terapeutiske kulturen. Men meir empirisk ser eg også på norske psykologar si profesjonelle sjølvforståing gjennom å analysere tidsskrift, vedtekter, etiske retningsliner og andre offentlege dokument. Målet er å sjå ulike teoretiske retningar opp mot psykologiens eigen diskurs, og få dei i tale.

Kvifor er dette prosjektet viktig?
Det er vel kanskje litt ambisiøst, men eg prøver å seie noko generelt om psykologiens plass i samfunnet. Det er ein profesjon som etter kvart har fått enorm påverknadskraft, og dei etiske debattane innad i den psykologiske tradisjonen samsvarar ikkje med denne krafta, etter mitt syn. Eg ønskjer med prosjektet mitt å rette søkelyset mot moglege negative sider ved dette.

Korleis fatta du interesse for feltet?
Eg byrja å studere psykologi først, men opplevde i grunnen tidleg i studiet at eg ikkje alltid fekk tilfredsstillande svar der. Eg byrja å gå på filosofiførelesingar, og oppdaga at det er mange felles problemstillingar i dei to faga. Men fordi dei er så differensierte ser ein ikkje nødvendigvis koplingane. Filosofien stiller jo ein del grunnleggjande spørsmål som er høgst relevante i mange andre fag.

Er du knytt til andre nettverk nasjonalt eller internasjonalt?
Eg har kontakt med ein del forskarar i Noreg og Norden som driv med kritisk psykologi, og eg har ønskje om å etablere eit meir formelt nettverk innan feltet.

Neste veke presenterar me Simen Øyen, også stipendiat ved SVT.

Fleire ph.d.-portrett

Sist endret: 19.6.2009