Gå til innhold
English A A A
01.04.2011 Forskarutdanning

Ph.d.-portrettet: Silje Drevdal

Etter lang tids fråver er serien om ph.d.-kandidatar ved fakultetet tilbake, og første ut er Silje Drevdal som fortel om prosjektet sitt.

Drevdal.jpg

Silje Drevdal

  • Silje Drevdal, master i spank og latinamerikastudiar
  • Tilsett ved IF på det eksternfinansierte prosjektet Linguistic Identity and Attitudes in Spanish-speaking Latin America. Rettleiar: Miguel-Angel Quesada Pacheco
  • Oppstart hausten 2010, planlagt slutt våren 2013
  • Medlem i STIP-HF, studentrepresentant i den nasjonale forskarskulen for språk og språkvitskap

Kan du fortelje om prosjektet ditt?

Eg skal undersøke haldningar til ulike dialektar og språklege variasjonar av spansk i dagens Latin-Amerika. Grunnlagsmaterialet er spørjeskjema samla inn frå dei fleste hovudstadane i Latin-Amerika, samt Miami. Det er totalt 8000 spørjeskjema i undersøkinga, 400 frå kvar by. Tradisjonelt sett er det jo spansk frå Spania som har hatt den høgaste statusen i regionen, og har blitt rekna som den korrekte spansken. Gjennom prosjektet mitt vil eg prøve å finne ut om dette har endra seg. Kva haldningar har folk frå Latin-Amerika til sitt eige språk? Er det nokre dialektar som har høgare status? I kva grad identifiserar folk seg med sine eigne dialektar?

Språkleg variasjon i Latin-Amerika har ein litt annan karakter enn dialektar i Noreg. For det første er spansk eit ”importert” språk, og indianarspråka som var der frå før har sett sine ulike preg på dialektane i dei ulike regionane. Vidare har store immigrantgrupper, som til dømes italienarar i Argentina, også påverka språket visse stader.

Informantane er frå dei ulike hovudstadene og skal vere eit representativt utval av folkesetnaden. Dei blir delt inn etter kjønn, aldersgrupper og delvis etter sosioøkonomisk bakgrunn.

Kvifor er dette viktig?

Eg meiner at dette prosjektet er viktig fordi haldningar til dialektar kan føre til ulik behandling og i verste fall diskriminering. Forsking i mellom anna Storbritannia har vist at mange har bestemte haldningar til enkelte dialektar. Når ein knyter visse karaktertrekk saman med språkleg uttrykk kan det få store konsekvensar for korleis folk oppfattar kvarandre. Eg vil tru at bevisstheita kring dialektar vil auke gjennom denne typen forsking, og at dette kan sikre større likebehandling.

Det er vanskeleg å seie kva resultat som vil kome ut av prosjektet på eit så tidleg stadium. Men ein kan jo håpe at det har skjedd ei endring i retning av større språkleg sjølvtillit i forhold til Spania, og at latinamerikanarar finn meir stoltheit i egne dialektar. Det er godt mogleg at dette heng saman med generell sjølvkjensle.

Korleis fatta du interesse for feltet?

Eg har alltid vore interessert i språk og dialektar. Før eg byrja å studere var eg på utvekslingsopphald i Latin-Amerika i eit halvt år, og der vart interessa for spansk vekt. Vidare har eg jobba med nokre av desse problemstillingane i masteroppgåva mi.

Kva er dine ønsker for framtida?

Når ein tar ein ph.d.-grad er det jo alltid eit ønske om å bli verande i akademia. Men enten eg blir her eller andre stader har eg eit sterkt ønske om å arbeide med språk i samfunnet på eit eller anna vis.

Sist endret: 1.4.2011