Ph.d.-portrettet: Bo Byrkjeland
I serien om ph.d.-kandidater ved fakultetet er det denne veka Bo Byrkjeland ved IF som fortel om prosjektet sitt.
- Bo Byrkjeland, master i spansk og latinamerikastudiar
- Tilsett ved IF, rettleiar: Gisle Selnes
- Starta hausten 2010, planlagt slutt 2013.
- Medlem i STIP-HF, i redaksjonen for Arena Romanistica. Medlem i forskargruppa Karibia: Identiteter og konflikter.
Kan du fortelje om prosjektet sitt?
I prosjektet tar eg for meg latinamerikanske forfattarar som har omsett sine eigne bøker. Det er eit todelt prosjekt. For det første er det ei litteraturhistorisk tilnærming der eg ser på kva forfattarar som har gjort dette og når dei har gjort det, samt ein metastudie over det som har blitt skrive om temaet tidlegare. Vidare går eg meir inn på ein del enkeltståande forfattarar, som María Luisa Bombal frå Chile og Rosario Ferré frå Puerto Rico. Forfattarskapen deira blir studert med det perspektivet at dei har omsett sine eigne verk. I ein slik prosess oppstår det ofte endringar i tekstane, noko blir lagt til, noko blir tatt bort, endra, det blir skapt nye tekstar. Nokre forfattarar gjer dette meir eller mindre tilfeldig, medans andre er meir systematiske.
Det har vore ein oppfatning innan litteraturforskinga om at dette er eit ekstremt sjeldant fenomen. Det stemmer ikkje. Det er mykje meir utbreidd enn dei fleste trur, og det blir meir og meir vanleg, særkilt i land med fleirspråkleg folkesetnad. Det fins også døme på norske forfattarar som har omsett sine eigne verk til andre språk.
I enkelte tilfelle kan det vere store endringar i tekstane, nye kapittel har kome til, eller nye karakterar. Det kan vere mange årsaker til dette, men ein av dei er nok at det er kulturelle tilhøve som gjer at den nye lesargruppa ikkje har same forutsetningar for å forstå alt. Det kan vere framande kontekstar som må forklarast djupare, kontekstar som er velkjende for lesarar på originalspråket. Dette viser jo at verket ikkje er ferdig sjølv om det er publisert. Ein forfattar har både juridiske og etiske rettar til å endre på arbeidet sitt under omsetjinga, og det er interessant at det kan ha såpass store konsekvensar for verka.
I arbeidet mitt les eg tekstane både på originalspråket og i omsett versjon. Eg samanliknar dei bit for bit og ser på forskjellane. Eg ser også på kva som har blitt skrive eller sagt om desse tekstane i andre samanhenger, frå forlaga, i intervju, i brev og anna.
Korleis fatta du interesse for dette feltet?
Det byrja nok under masterarbeidet mitt. Eg skreiv om María Luisa Bombal, og oppdaga nærmast tilfeldig at den engelske utgåva av ei av bøkene hennar var hundre sider lengre enn originalutgåva. Dette var det ingen som hadde skrive noko om. Etterkvart vart det heile til eit ph.d.-prosjekt. Dette er faktisk eit veksande fagfelt, det fins fleire forskarar internasjonalt som arbeider med liknande problemstillingar, og til hausten skal det vere ein konferanse i Frankrike på feltet.
Kva ønsker har du for framtida?
Om eg får moglegheit til å arbeide innan akademia, er det sjølvsagt flott. Eg har også lærarutdanning og har tidlegare arbeidd i skulen. Det trivdest eg godt med, og det er noko eg kunne tenke meg også i framtida.
Sist endret: 23.6.2011
Nyheter fra Det humanistiske fakultet
- Doktoravhandlinger om e-læring (25.05.2012)
- Jon Erik Hagen til minne (25.05.2012)
- "Stemmen fra Griegakademiet" vant "The Voice" på TV2! (23.05.2012)
- Inga framtid for namnegransking? (22.05.2012)
- Senter for fremragende forskning til LLE? (21.05.2012)
Relaterte nyhetssaker
- Samarbeider med Festspillene (18.05.2012)
- Research group seminar: analysis of 3D poetry // emotions on Facebook (04.05.2012)
- Dickens-klubbens etterlatte papirer (06.02.2012)
- Ann-Magritt Skogen - lærer (19.10.2011)
- Fattigdomsforskeren (30.08.2011)
- Litteraturvitenskap
- Spansk
- Latin-amerika
- Oversettelse