Gå til innhold
English A A A
01.06.2011 Nyhet

Vegar vidare etter doktorgraden

Onsdag arrangerte STIP-HF seminar om karrierevegar for doktorgradskandidatar frå Det humanistiske akultet, og representantar frå eit breitt spekter institusjoner var inviterte.

Lise Holsen og Anne Hjermann vil gjerne ha fleire doktorar inn i den vidaregåande skulen.

Lise Holsen og Anne Hjermann vil gjerne ha fleire doktorar inn i den vidaregåande skulen.

Prorektor Berit Rokne opna seminaret ved å fortelje at talet på avlagde doktorgradar ved UiB nesten har dobla seg dei siste ti åra. Dermed må både kandidatane og UiB tenke nytt i høve til korleis denne kompetansen kan brukast etterpå.

Dei oppmøtte fekk høyre innlegg frå flere ulike felt. Svein Ivar Angell, forskingsleiar ved Uni Rokkan, representerte forskingsinstituttsektoren som er ein av dei største arbeidsgivarane for forskarar med doktorgrad. Avdelingsleiar ved Universitetsbiblioteket Ane Landøy fortalde om moglegheiter innan UB. Anne Hjermann, leiar for pedagogisk seksjon i fylkeskommunen kunne fortelje at av om lag 2700 tilsette i undervisningsstillingar i den vidaregåande skulen i Hordaland har 10 doktorgrad. Ein av desse arbeider ved Nordahl Grieg VGS i Bergen, og assisterande rektor der Lise Holsen fortalde om store fordelar med slik kompetanse i skulen.

Vidare var det innlegg ved representantar frå media, fylkeskommunen, SIU, Språkfolk DA og Karrieresenteret.

Eli Heldaas Seland er stipendiat ved Bergen Museum, og synest seminaret er eit fint initiativ.

- Eg trur det er heilt nødvendig, faktisk. Det er mange fleire doktorander i dag enn før, og spesielt her på HF er det stor konkurranse om stillingane. Difor er det inspirerande å høyre om andre moglegheiter.

- Vi har jobba med dette ei stund, vi har vel snakka om det i fleire år utan å eigentleg gjøre noko med det før no, seier leiar for STIP-HF Ann-Kristin Molde. Ho er godt nøgd med oppmøtet, og fortel at det slett ikke var vanskeleg å få innleiarane på banen.

- Dette blir første steg i ein prosess som fakultetet må vere med på vidare. Vi må finne ut meir om kva mogleghieter vi har, men vi må også bli meir synlege for potensielle arbeidsgivarar, seier Molde.

Sjå programmet for seminaret her.

Sist endret: 1.6.2011