Formidlingsprisen
Gjennom formidlingsprisen ønskjer fakultet å synleggjere formidlinga ved fakultetet. Prisen er på 25.000,- og vert tildelt av Fakultetsstyret i det siste møte i vårsemesteret.
Prisen skal gå til ein eller fleire personar som har gjort ein ekstraordinær innsats for å formidle resultat av forskings- og utviklingsarbeid av høg kvalitet og kva tyding dette har for samfunnet. Alle former for formidling vil kunne verte vurdert (som til dømes debatt- og konferanseinnlegg, kronikkar, bøker, foredrag, samtalar, utstillingar, radio- og tv-program, konsertar, film, cd, heimesider og bruk av sosiale medium).
Vurderingskriterium
- Kvalitet på formidlinga
- Allsidig bruk av kommunikasjonskanalar og uttrykksformer
- Kreativitet
- Formidlingspotensial ovanfor ulike målgrupper
- Respons frå brukarar
Tilsette og studentar kan fremje forslag til kandidatar og saman med forslaget skal det gjevast dokumentasjon av formidlinga med tilvising til skriftleg materiale, opptak av lyd eller bilete og nettsider. Det skal oppnemnast kontaktperson for forslagsstillarane.
Prisen skal brukast til tiltak som kan bidra til å styrke profilering og formidlingsverksemda i samsvar med prisvinnaren sine ønske. Prisvinnaren skal gje ein kort rapport til dekanen om bruk av prismidlane.
Søknadsfrist er 6.mai
Kontaktpersonar: prodekan Lillian Helle og assisterande fakultetsdirektør Sonja Dyrkorn.
Sist endret: 21.3.2012