Gå til innhold
English A A A

Opptak til masterstudium ved Det humanistiske fakultet


Hovudopptaket til masterprogramma ved HF er i vårsemesteret (søknadsfrist 15. april) for start i august. Nokre masterprogram vil ha suppleringsopptak til vårsemesteret dersom det er ledige plassar etter hovudopptaket - her er søknadsfristen 1. november.

Hovudopptaket - søknadsfrist 15. april 2012 for studiestart august 2012:

Vidareutdanning (eigne opptakskrav og søknadsfrist 1. mai):

Søknad

Søknad skjer elektronisk på Søknadsweb, http://soknadsweb.uib.no/. Søknadsweb kan nyttast av alle søkjarar som har norsk personnummer. Søknadsweb opnar ein månad før søknadsfristen. Dokumentasjonen til søknaden må sendast til Det humanistiske fakultet, sjå nedanfor.

Søknadsfristen er 15. april for hovudopptaket til haustsemesteret og 1. november for suppleringsopptaket til vårsemesteret. Dei to erfaringsbaserte masterprogramma har søknadsfrist 1. mai (berre eitt opptak i året).

Dokumentasjon

Etter at du har registrert søknaden din i Søknadsweb, får du tilsendt eit omslagsark i posten (hugs korrekt adresse!). Omslagsarket vert sendt ut i slutten av april i hovudopptaket. Dokumentasjonen på utdanning må sendast tilbake i omslagsarket innan datoen som står på omslagsarket. Du må sjølv gjøre merksam på og dokumentere høve som kan være viktig for søknaden (til dømes førehandsgodkjenningar, godkjenningar, innpassingssaker, utsetjingar, sein sensur og lignende). Høve som ikkje er dokumentert innan fristen vil det ikkje bli teke omsyn til. Søkjarar som har innpassingssaker som ikkje er ferdig handsama, må informere om dette i et brev som legges inn i omslagsarket.

Har du utdanning frå utlandet som ikkje tidlegare er godkjend ved Universitetet i Bergen, må du sende inn vitnemål og karakterutskrift som er omsett til norsk (autorisert omsetjing og eventuelt attestert kopi). Du må også sende oss eit oversyn over karaktersystemet som er brukt, pensumlister for fag/emne som inngår i spesialiseringa og ein eventuell godkjenning frå NOKUT.

Ettersending

Dersom sensur ikkje er klar innan fristen for innsending av omslagsark, må du legge ved eit brev i omslagsarket der det står kva slags fag/emne du ventar på sensur i. Vi tar omsyn til sein sensur, men opptaket blir ikkje gjort før dei naudsynte resultata er på plass.

Dokumentasjonen må du sende til denne adressa:

Det humanistiske fakultet
Universitetet i Bergen
Postboks 7805
5020 BERGEN

Merk konvolutten: Søknad til masterprogram

For spørsmål: Kontakt Det humanistiske fakultet på e-post studierettleiar@hf.uib.no

Om opptaket

Opptaksgrunnlaget er ein fullført bachelorgrad (eller tilsvarande) med spesialisering i det aktuelle masterfaget. Til masterprogrammet i region og regionalisering og til masterprogrammet i digital kultur er det også mogleg å søkje opptak med ein fullført bachelorgrad (eller tilsvarende) i andre, relevante fagkombinasjonar. Studentar med utanlandsk utdanning som opptaksgrunnlag kan bli tatt opp til eit masterstudium etter særskilt fagleg vurdering. Gå inn på lenka til det enkelte programmet for å sjå nærare omtale. Programma Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i engelsk og Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk har også eigne opptakskrav.

NB: Eigne søknadsfristar og opptakskrav gjeld for masterprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon.

Opptaket er basert på kvoter. Fakultetet fastset fordelinga av studieplassar for kvart semester. Dersom det er fleire søkjarar til eit fag enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter resultata i spesialiseringsfaget. Dersom det er fleire søkjarar som har same resultat i spesialiseringsfaget, vil ein bruke loddtrekning for å tildele plassar.

Det er forholdet mellom talet på søkjarar og talet på studieplassar som avgjør kva opptakskravet blir, og krava vil variere frå semester til semester. Vi kan difor ikkje seie på førehand kva karakterkravet vil bli.

Berre søknadar med utdanning som er godkjent innan søknadsfristen vil bli handsama.

Svar på opptaket

Tilbud om opptak blir lagt ut på http://soknadsweb.uib.no/. Du vil også få ein e-post om dette.

Sist endret: 30.3.2012