Opptak gjennom Samordna opptak
Søknad om opptak til grunnstudium ved UiB går via Samordna opptak. Eit grunnstudium er eit studium som normalt byggjer på vidaregåande opplæring og ikkje har høgare utdanning som del av opptakskrava.
På nettsidene til Samordna opptak finn du søknadsskjema og informasjon. Du kan søkje på desse kategoriane av studium gjennom Samordna opptak:
- Årsstudium
- Bachelorstudium
- Masterstudium, femårige
- Profesjonsstudium (gjeld ikkje profesjonsstudiet i psykologi)
Har du spørsmål som du ikkje finn svar på her, ta kontakt:
- E-post: opptak@uib.no
- Telefon: 55 58 43 00 (kvardagar 11-12 og 13-14)
-
Poenggrenser 2011
Her kan du finne poenggrensene for opptak til Universitetet i Bergen i 2011. Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er større enn talet på studieplassar, og dei viser til den lågaste poengsummen som gav opptak.
-
Obligatorisk registrering med elektronisk ID
Alle søkere med norsk personnummer må ha elektronisk ID for å søke via Samordna opptak.
-
Poengutrekning
Her finn du ei forklaring på korleis du kan rekne ut skolepoeng og konkurransepoeng. Ver merksam på at poenggrensene kan variera frå år til år.
-
Opptakskalender
Om du har søkt opptak til UiB gjennom Samordna opptak er nokre datoar viktige å vere klar over. Sjå opptakskalenderen vår om fristar hos Samordna opptak og datoar for utsending av informasjon frå UiB.
-
Opptakskrav
For å bli student ved Universitetet i Bergen må du anten ha generell studiekompetanse eller realkompetanse.
-
Reservasjon av studieplass
Søkere som har fått tildelt studieplass gjennom Samordna opptak kan søke om å få reservere studieplassen i ett år.