Poengutrekning
Her finn du ei forklaring på korleis du kan rekne ut skolepoeng og konkurransepoeng. Ver merksam på at poenggrensene kan variera frå år til år.
I kvote for førstegongsvitnemål tel berre skolepoenga med. Det vil seie karakterpoeng og eventuelle realfags- og/eller språkpoeng. Søkjarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål kan konkurrere i denne kvota. Alle søkjarar i førstegongsvitnemålskvota konkurrerer samstundes i ordinær kvote med konkurransepoeng. Forbetringar, alderspoeng og tilleggspoeng får telle med i denne kvota.
For meir informasjon om poengrekning, sjå samordna opptak sine nettsider. På denne sida finn du ei oversikt over poenggrensene ved fjorårets opptak til Universitetet i Bergen.
Karakterpoeng
Karakterpoeng blir rekna som eit gjennomsnitt av alle karakterane som skal inngå i rangeringsgrunnlaget. Det vil seie generelle og spesielle opptakskrav, samt fag som utløyser realfags- og/eller språkpoeng. Snittet blir ganga med 10.
Realfags- og språkpoeng
Realfagspoeng
Hovudregelen er at kvart realfaglege programfag utløyser 0,5 realfagspoeng. Om du har teke realfagleg matematikk R2 og fysikk 2, blir kvar av desse løna med 1 poeng. Du kan totalt få 4 realfagspoeng.
Språkpoeng
Framandspråk tatt som programfag kan utløyse språkpoeng. Hovudregelen er at 40 årstimar gir 0,5 poeng, medan framandspråk nivå 3 (som byggjer på fellesfag nivå 2) gir 1,0 poeng.
Ein kan få realfags- og språkpoeng for fag tatt i andre reformar enn kunnskapsløftet. Sjå Samordna opptak sine nettsider for informasjon om kva konkrete fag som gir realfags- og språkpoeng. Du kan totalt få 4 realfags- og/eller språkpoeng.
Tilleggspoeng
Tilleggspoeng blir gitt for anten militær-/sivilteneste eller folkehøgskole eller 1 års høgare utdanning frå universitet eller høgskole. Ver merksam på at alle må dokumentere høgare utdanning ved å sende inn karakterutskrift eller vitnemål. Dette gjeld også om du har tatt høgare utdanning same lærested som du søkjar opptak til. Du kan totalt få 2 tilleggspoeng.
Alderspoeng
Alderspoeng blir normalt tildelt frå og med det året ein fyller 20 år. Viss du er 23/5 søkjar blir alderspoenga gitt frå og med det året du fyller 24 år. Du kan totalt få 8 alderspoeng.
Sist endret: 2.3.2012
- Poengutrekning Samordna opptak
- Karakterpoeng
- Realfagspoeng
- Tilleggspoeng
- Alderspoeng