Ofte stilte spørsmål
Her finn du eit oversyn over spørsmål som ofte blir stilt til Infosenteret ved HF. Klikk på den aktuelle kategorien for å se vanlege spørsmål og svara på dei.
- Søkjarspørsmål
- Førstesemesterstudia
- Utdanningsplan og semesterregistrering
- Eksamen
- Utveksling
- Praktiske spørsmål - semesterkort, mi side, karakterutskrift
Søkjarspørsmål
Bachelornivå
Når kan eg søkja opptak til studium ved Det humanistiske fakultet?
Opptak skjer via Samordna opptak med søknadsfrist 15. april for ordinære søkjarar. Vi har ikkje opptak til studium utanom denne fristen, med unntak av einskilde musikkstudium ved Griegakademiet som har eigne fristar.
Kor finn eg fagkodar og søkjarkodar for studieprogramma ved UiB som har opptak via Samordna opptak?
Direkte lenke til kodar finn du her: http://link.uib.no/?l7OD
Kan eg ta einskilde fag ved UiB utan å vere teken opp som student?
Somme emne opnar for at personar utan studierett kan ta eksamen i emnet mot at dei søkjer Studieadministrativ avdeling om dette. Informasjon om kva emne dette gjeld står i emneomtalen til det einskilde emnet.
Kan eg bli overført frå der eg studerer no til UiB?
UiB har inga ordning for overføring av studentar frå andre utdanningsinstitusjonar. For å bli teken opp ved UiB må du søkje Samordna opptak. Men om du har studierett ved ein annan utdanningsinstitusjon, kan du ta emne hjå HF som hospitant i eitt eller to semester. Informasjon om hospitantordninga ved HF finn du her: http://link.uib.no/?3yQAg
Er det lurt å ta ex.phil og ex.fac før eg byrjar på UiB?
Om du har teke førstesemesteremne ved ein annan utdanningsinstitusjon, kan du søkje om å få det innpassa i bachelorgraden ved UiB. Du kan slik sleppe å ta det om att. I så fall bør du kontakte studierettleiar for å leggje opp ein ny utdanningsplan, fordi du kan få eit litt anna studieløp enn dei andre studentane i kullet ditt. Føremonen ved å ta ex.phil. og ex.fac. ved UiB er at du då tar innføringsemne som er tilrådd for vidare studium, og at du blir kjend med studentane du skal gå saman med dei neste åra.
Kan eg få poststudierett ved andre fakultet? Kor skal eg søkje?
Du må søkje om poststudierett ved fakultetet der du fekk graden din, men du kan bruke poststudieretten til å ta emne ved andre fakultet enn der du har studierett. Registrer søknaden på http://soknadsweb.uib.no/ innan 15. august (haustsemesteret) eller 15. januar (vårsemesteret).
Masternivå
Når og kor kan eg søkje opptak til master?
Masterprogram har normalt opptak kvart haustsemester. Søknadsfristen er 15. april via http://soknadsweb.uib.no/. Somme program har suppleringsopptak i vårsemesteret. Søknadsfristen då er 1. november. SøknadsWeb opnar om lag ein månad før søknadsfristen.
Når får eg svar på masteropptaket?
Tilbod om opptak blir lagt ut på http://soknadsweb.uib.no/, i tillegg til at det blir sendt ut på e-post. Dette skjer i midten av juli om du har søkt opptak frå og med haustsemesteret, og like i forkant av semesterstart om du har søkt opptak frå og med vårsemesteret.
Fann du ikkje svar på spørsmålet ditt? Kontakt Infosenteret på e-post studierettleiar@hf.uib.no eller telefon 55 58 93 70
Førstesemesterstudia
Eg har vore vekke frå tre seminar i ex. phil, men eg har sjukemelding.
Du kan berre ha to fråver i kvar emnedel uansett årsak. Sjukemelding vil dessverre ikkje hjelpe.
Eg var vekke frå fire seminar i alfadelen, men om eg ikkje har fråver i betadelen går det vel greitt?
Nei. Du kan ikkje overføre fråver frå ein emnedel til ein annan, og alt fråver blir behandla likt uansett anten det skuldast forsoving eller sjukdom.
Kan eg få utsett innlevering av alfa-/ betaoppgåva?
Utsetjing blir berre gitt etter søknad med god grunngjeving og dokumentasjon lagt ved (legeattest og liknande). Søknaden skal sendast til exphil@uib.no eller bli levert på Infosenteret ved HF merka 'Exphil'.
Fann du ikkje svar på spørsmålet ditt? Kontakt Infosenteret på e-post studierettleiar@hf.uib.no eller telefon 55 58 93 70
Utdanningsplan og semesterregistrering
Generelle spørsmål om StudentWeb?
Sjå her: http://link.uib.no/?des1
Utdanningsplanen min er feil og eg greier ikkje å oppdatere den sjølv.
Kontakt studierettleiar for ditt program, og avtal eventuelt ein rettleiingstime. Kven som er din studierettleiar finn du her: http://link.uib.no/?IxUx
Kor tid kan eg semesterregistrere meg?
StudentWeb opnar for semesterregistrering i veke 25 med frist 1. september i haustsemesteret, og veke 50 med frist 1. februar i vårsemesteret.
Studieretten min har gått ut, men eg vil studere meir. Kva gjer eg?
- Dersom det er kort tid sidan studieretten din vart avslutta kan du kontakte studierettleiar.
- Dersom studieretten din har gått ut fordi du har fullført graden din må du søkje om poststudierett via http://soknadsweb.uib.no/ innan 15. august (haustsemesteret) eller 15. januar (vårsemesteret).
- Dersom det er meir enn eitt semester sidan studieretten din vart avslutta utan at du fullførte ei grad må du søkje nytt opptak via Samordna opptak.
Eg har allereie tatt noko utdanning frå ein annan stad. Kan eg bruke denne i graden ved UiB?
Du kan søkje om å få anna utdanning innpassa som anten spesifiserte emne eller frie studiepoeng. For å ordne dette tar du med karakterutskrift til Informasjonssenteret ved Studieadministrativ avdeling (Glasshuset) i Langesgt 1-3 og syner dokumenta i skranken. Her får du eit skjema der du fyller ut om du ønskjer at utdanninga skal innpassast som frie studiepoeng eller som spesifiserte emne ved UiB (til dømes del av spesialiseringa i graden). Då blir det generert ein søknad som du får svar på i posten så snart den er ferdig handsama.
Kva kan eg ta som frie studiepoeng?
Du kan ta alle emne ved HF eller SV som ikkje er lukka for einskilde program (til dømes lektorutdanninga eller journalistikkstudiet). Psykologisk fakultet har òg einskilde emne som er opne for studentar ved andre fakultet. For å ta desse emna melder du deg opp på vanleg måte i StudentWeb. Juridisk fakultet og Mat.Nat. opnar for at studentar frå andre fakultet kan ta emne hjå dei etter særskilt søknad.
Emneoversyn HF: http://link.uib.no/?23Oa4
Emneoversyn SV: http://link.uib.no/?3DuUg
Opne emne Psyk: http://link.uib.no/?3GFDJ
Hospitant Mat.Nat.: http://link.uib.no/?47pFJ
Spesialemne Jus: http://link.uib.no/?62gkC
Kan eg bytte studieprogram? Må eg i så fall ta ex.phil. og ex.fac. om att?
Du kan søkje om intern overgang til dei aller fleste studieprogramma ved HF, eller til studieprogram ved eit anna fakultet. Informasjon om når og korleis dette kan gjerast, samt kva program som er aktuelle, finn du her: http://link.uib.no/?1QZ9Y.
Dersom du har fullført førstesemesterstudiet i studieprogrammet du starta på, kan du som regel overføre dette til det nye programmet, med mindre det nye programmet har særskilte krav til førstesemesteremne som skal inngå. Sjå studieplanen til det aktuelle programmet for informasjon om dette.
Eg vil ha eit ”friår” frå studia der eg tek opp att nokre fag. Kva gjer eg?
Bestill rettleiing hjå studierettleiar via Infosenteret. Der kan du få hjelp til å lage ein plan for korleis du kan gjere dette.
Eg jobbar eigentleg fulltid, men har lyst til å studere ved sida av. Er det mogleg?
Vi kan leggje studia til rette på den måten at du kan studere på deltid og ta 15 studiepoeng i semesteret i staden for 30. Som regel vil det tyde eitt emne i staden for to per semester. Vi kan ikkje leggje undervisninga til kveldstid, gje fritak frå obligatoriske aktivitetar eller lage andre eksamensordningar. Det er heller ikkje mogleg å ”strekkja” eit emne over to semester dersom det kun blir gjeve ein gong i året. Studerer du på eit masterprogram, må du formelt melde frå om at du vil ta studiet på deltid – skjema finn du her: http://link.uib.no/?6kGaR.
Fann du ikkje svar på spørsmålet ditt? Kontakt Infosenteret på e-post studierettleiar@hf.uib.no eller telefon 55 58 93 70
Eksamen
Kor tid er midtsemestereksamen?
Som namnet tyder på blir midtsemestereksamen arrangert midtvegs i semesteret, normalt i september/oktober om hausten og mars/april om våren. Det finst eigne oversyn for når det er midtsemestereksamen på UiB sine nettsider om utdanning. Vel ’Om å studere’ og ’Eksamen’, eller klikk her: http://link.uib.no/?6n5c
Er det mogleg søkje om tilrettelagt eksamen dersom eg kan ha behov for dette?
Informasjon om korleis du går fram for å søkje om tilrettelagt eksamen finn du her: http://link.uib.no/?2kF85
Korleis finn eg ut kor eg skal ha eksamen?
Planar for når og kor eksamen er finn du på UiB sine nettsider om utdanning. Vel ’Om å studere’ og ’Eksamen’, eller klikk her: http://link.uib.no/?6n5c
Eg har mista studentkortet mitt og skal ha eksamen i morgon. Får eg ikkje ta eksamen då?
Du kan ta med eit anna gyldig identitetskort for å legitimere deg på eksamensdagen, til dømes pass, førarkort eller bankkort med bilete. Nærare instruks for eksamen finn du her: http://link.uib.no/?3EPd1
Når får eg vite resultatet av eksamen, og kor finn eg det?
Resultatet av eksamen skal normalt vere klart tre veker etter eksamensdato. Karakteren blir publisert på StudentWeb under menyvalet ’Innsyn’ – ’Resultat’.
Eg har meldt meg opp i eit emne, men ser at eg ikkje kjem til å ta eksamen. Kan eg berre la vere å møta, eller må eg melde frå nokon plass?
Du har kun tre forsøk på å ta eksamen i eitt emne. Derfor bør du trekkje deg frå eksamen om du ser at du ikkje kjem til å fullføre eit emne som du er oppmeldt i. Fristen for å trekkje seg er 14 dagar før eksamen og det må gjerast i StudentWeb. Logg på http://studentweb.uib.no og vel ’registreringar’ – ’meldingar’ i menyen til venstre. Her får du opp alle emne du er meldt til eksamen i, og til kvart av dei skal det stå ein raud X. Trykk på X’en og stadfest at du vil annullera meldingane i dette emnet. Hugs å lagre før du loggar ut.
Eg strauk på eksamen. Kva konsekvensar har dette?
Om du stryk på eksamen, blir du forseinka i utdanninga, noko som kan ha fleire konsekvensar.
- Du har brukt eitt av dei tre forsøka du har på å ta eksamen i eitt emne.
- Du vil ikkje få full stipendutteljing frå Lånekassen det semesteret du stryk: http://link.uib.no/?141se.
- Forseinkinga kan føre til at du må justere utdanningsplanen din i samråd med studierettleiar. Dette gjeld særleg om du er forseinka med meir enn eitt emne. Dersom emnet du strauk på skal gå inn i spesialiseringa di må du ta det opp att, anten i det påfølgjande semesteret eller ein seinare gong. Ver merksam på at obligatoriske aktivitetar gjeld for eit avgrensa tidsrom, som regel to semester etter at dei vart godkjende.
- Om programmet du går på har progresjonskrav, kan det vere at du ikkje får gå vidare i studia før du har bestått emnet. Sjå studieplanen for kva som gjeld for ditt program.
- Om forseinkinga fører til at du har færre enn 60 studiepoeng før du skal dra på utveksling, kan du bli hindra i å reise ut.
Kontakt gjerne studierettleiaren din for å få hjelp til å komme vidare i studia dine.
Eg har vore sjuk og fekk ikkje tatt eksamen. Kva skjer då?
Sjukdom må dokumenterast med sjukemelding eller legeerklæring. Det vil då ikkje telje som eit eksamensforsøk, men dei andre reglane om forseinking gjeld (sjå spørsmålet om stryk). Korleis du går fram for å registrere sjukemeldinga kjem an på kva type eksamen du skulle tatt: http://link.uib.no/?WTyX (Du må logge på om du ikkje alt er pålogga Mi side). For å ta eksamen opp att melder du deg opp på vanleg måte i StudentWeb. Om du har vore sjuk i meir enn 14 dagar kan du ha rett på sjukestipend frå Lånekassen: http://link.uib.no/?1ln0E.
Eg har nett mista eit nært familiemedlem og gravferda er på eksamensdagen.
Skriv eit kort brev der du greier ut om slektskapen til den avdøde og kva dato gravferda er. Brevet sender du til
Studieadministrativ avdeling, UiB
Postboks 7800
5020 Bergen
Du kan då bli registrert med fråver på eksamen på lik linje med dei som er sjuke.
Dersom eg tek om att eksamen i eit emne for å betre karakteren, kjem begge resultata med på karakterutskrifta då?
Nei, kun det beste resultatet kjem med på karakterutskrifta. Dette gjeld òg om du stryk når du tek emnet om att - det beståtte resultatet blir ståande.
Kva gjer eg om eg er usamd i karakteren eg fekk på eksamen?
Prosedyre for å be om grunngjeving av karakter og eventuelt klage på eksamensresultat finn du her: http://link.uib.no/?3Z5w3. Hugs at du ved ei klage òg risikerer å bli sett ned i karakter!
Fann du ikkje svar på spørsmålet ditt? Kontakt Infosenteret på e-post studierettleiar@hf.uib.no eller telefon 55 58 93 70
Utveksling
Kor kan eg levere dei ulike søknadsskjema?
Skjema for å søkje om delstudium i utlandet kan du levere hjå Informasjonssenteret ved Studieadministrativ avdeling (Glasshuset) i Langesgt 1-3. Skjema for førehandsgodkjenning og endeleg godkjenning kan du levere hjå Infosenteret ved HF på Sydnesplass 12-13.
Korleis finn eg ut kva fag eg skal ta medan eg er på utveksling?
Først av alt må du sjekke om avtala du skal reise på er inngått på særskilte fagområde. Er avtala inngått for filosofi vil det seie at du må studere filosofi medan du er på utveksling. Dei fleste universitet har meir eller mindre detaljerte emneoversyn på nettsidene sine, der du kan sjå kva fag dei tilbyr og plukke ut kurs du tykkjer ser interessante ut. Du kan òg kontakte vertsuniversitetet og be om informasjon, eller kontakte studierettleiaren på programmet ditt. Ved einskilde universitet kan det vere vanskeleg å få tak i detaljert informasjon om kurstilbodet. Då kan du ettersende kursomtalar når du har kome på plass og veit kva kurs du kan ta. Dette må du i så fall opplyse om i søknaden om førehandsgodkjenning.
Kva er fristen for å søkje om førehandsgodkjenning av utvekslingsopphald?
Det er ingen frist for å søkje om førehandsgodkjenning, men hugs at det kan ta litt tid å handsame slike søknadar. Jo lenger du ventar med å søkje, jo lenger tid tar det før du får svar, og dette har konsekvensar for kva tid du får svar på søknad om økonomisk stønad frå Lånekassen.
Kor mykje får eg i stønad av Lånekassen?
I tillegg til vanleg lån og stipend kan du søkje om stønad til reise og eventuelle skulepengar. Sjå Lånekassen sine nettsider for meir informasjon: http://link.uib.no/?6Jyee
Eg skal på feltarbeid. Et det pengar å hente til dette nokon stad?
Det humanistiske fakultetet kan gi økonomisk stønad til feltarbeid i samband med masteroppgåve etter søknad om dette. Søknaden må vere tilrådd av rettleiar. Søknadsskjema finn du her: http://link.uib.no/?2M4DG
Fann du ikkje svar på spørsmålet ditt? Kontakt Infosenteret på e-post studierettleiar@hf.uib.no eller telefon 55 58 93 70
Praktiske spørsmål - semesterkort, mi side, karakterutskrift
Eg har mista semesterkortet mitt. Kor får eg tak i nytt?
Du kan be om å få skrive ut nytt semesterkort hjå Infosenteret ved Studieadministrativ avdeling (Glasshuset) i Langes gate 1-3.
Kor får eg tak i karakterutskrift og vitnemål?
Karakterutskrift bestiller du på StudentWeb under menyvalet ’Bestillingar’. Om det hastar, kan du be om å få det skrive ut hjå Infosenteret ved Studieadministrativ avdeling (Glasshuset) i Langes gate 1-3.
Vitnemål kan du bestille her: http://link.uib.no/?1Q72S. Før du bestiller bør du sjekke på StudentWeb at utdanningsplanen din er godkjend og at det som skal vere med er med. Frå og med hausten 2011 vil vitnemål bli skrive ut automatisk. Du får melding semesteret i førevegen om dette gjeld deg.
Kan eg velje kva for emne som skal komme med på karakterutskrifta?
Nei, her kjem alle karakterar med, gode som dårlege. Men du kan velje kva for emne som skal inngå i graden, og dermed komme med på vitnemålet.
Omset UiB vitnemål, karakterutskrifter, emneomtalar eller studieplanar til andre språk?
Det er mogleg å få karakterutskrift på engelsk, og vitnemålet har eit engelsk ’Diploma supplement’. Emne eller studieprogram der undervisninga er på engelsk kan ha engelske emneomtalar eller studieplanar. Men ut over dette omset ikkje UiB informasjon eller dokumentasjon til andre språk. Dersom du treng å få omsett UiB-dokument til andre språk, til dømes i samband med søknad til eit utanlandsk universitet eller arbeidsgjevar, må du kontakte profesjonelle omsetjarar for å få dette.
Kor kan eg få tatt utskrifter?
Du kan ta utskrifter på PC-stovene som finst på HF-bygget eller Sydneshaugen skole. Det er òg mogleg å skrive ut på Bibliotek for humaniora. For å ta uskrifter må du ha fylt pengar på studiekortet ditt via http://payprint.uib.no/.
Eg kjem ikkje inn på Mi side/Webmail.
Dersom det ikkje er melding på nettsida om at systemet er nede, har du truleg feil passord eller brukarnamn. Logg på http://sebra.uib.no og sjekk at dei data du forsøker å logge på med er korrekte. Prøv eventuelt å skifte passord, og vent eit par timar før du forsøker å logge på att.
Kva gjer eg når det er obligatorisk frammøte første dag, og eg ikkje kan møte opp?
Send ein e-post til studierettleiaren for programmet ditt og sei at du ikkje kan komme, men at du vil behalde plassen. Elles kan plassen gå til ein annan dersom det er venteliste.
Fann du ikkje svar på spørsmålet ditt? Kontakt Infosenteret på e-post studierettleiar@hf.uib.no eller telefon 55 58 93 70
Sist endret: 19.12.2011