Poststudierett ved Det humanistiske fakultet
Dersom du er student på eit bachelor- eller masterstudium ved Det humanistiske fakultet og fullfører programmet ditt, kan du søkje om å få ein såkalt poststudierett - rett til å ta emne på bachelornivå i inntil to semester.
NB: Hvis du har tatt graden din ved eit anna fakultet enn HF, må du søkje til det aktuelle fakultetet.
Du får ingen utdanningsplan, men kan fritt velge emne på bachelornivå ved HF eller andre fakultet, så lenge dei aktuelle emna ikkje krev ein særskild studierett eller har eigne krav til opptak. Kontakt det aktuelle fakultetet om du har spørsmål.
Du kan søkje om poststudierett for eit eller to semester, men du kan bare søkje ein gong. Dersom du ønsker å studere vidare på bachelornivå etter at poststudieretten din er avslutta, må du søkje om studieplass gjennom Samordna opptak.
Ordningen gjeld ikkje studenter på årsstudium - det er berre studentar som fullfører ein grad som kan søkje om poststudierett. Studentar på årsstudium kan søkje om intern overgang til eit bachelorprogram.
NB: Du kan ikkje dra ut på delstudium i utlandet (utveksling) når du har poststudierett.
Slik søkjer du
Etter at graden din er ferdig (vent til alle eksamensresultat er tilgjengelege i Studentweb), registrerer du søknaden på http://soknadsweb.uib.no/. Søknadsfristen er 15. januar for start i vårsemesteret (søknadsweb åpner 15. desember) og 15. august (søknadsweb åpner 15. juni) for start i haustsemesteret.
Sist endret: 11.5.2011
Tilhører
- poststudierett