Studere på deltid
Du kan velje å ta eit studium som deltidsstudent med ein studieprogresjon på minst 15 studiepoeng i semesteret.
Er du student på eit årsstudium eller bachelorprogram, kan du avtale med studierettleiaren for programmet ditt at du vil ta heile eller delar av studiet på deltid. Studierettleiaren kan justere utdanningsplanen din i høve til dette. Sjå også informasjon om deltidsutdanning hos Statens lånekasse.
Studerer du på eit masterprogram, må du formelt melde frå om at du vil ta studiet på deltid - les meir om dette i Rutinar for masterstudiet ved HF.
Sist endret: 9.5.2011