Gå til innhold
English A A A

Endeleg godkjenning av studiar i utlandet


Når du har avslutta studia dine i utlandet. For å få studiepoenga inn i graden din ved UiB.

Korleis kan eg søkje om endeleg godkjenning ?
1. Fyll ut søknadsskjema om endeleg godkjenning av delstudiar i utlandet.

2. Legg ved karakterutskrift frå vertsuniversitetet i original.
Karakterutskrifta må vise kor mange poeng kvart kurs gir samt kurstittel og den karakteren du fekk. Når saka er avgjort, vil vi sende deg eit godkjenningsbrev og returnere karakterutskrifta i
original

3. Emneomtaler:
Om du har tatt eksamen i dei kursa du fekk førehandsgodkjent, treng du ikkje leggje ved meir dokumentasjon enn karakterutskrift frå vertsuniversitetet i original. Om du har tatt eksamen i andre kurs enn dei du fekk førehandsgodkjent eller om du ikkje søkte førehandsgodkjenning, må du leggje ved kursskildring og opplysninger som viser at studia tilsvarer eit fulltidsstudium i Noreg.

Karakterar frå det utanlandske universitetet:
Vi omset ikkje sjølve karakteren frå det utanlandske universitetet, men gir deg greidd eller ikkje greidd på den endelege godkjenninga. Karakteren vil likevel stå på den originale karakterutskrifta frå vertsuniversitetet. Vi vil sende deg eit godkjenningsbrev og returnere karakterutskrifta i original når saka er avgjort.

Når vi har handsama søknaden, sender vi deg et godkjenningsbrev i posten. Vi vil óg informere Lånekassa om resultata dine.

Spørsmål om godkjenning av delstudium i utlandet ?
Ta kontakt med administrativ koordinator for programmet ditt eller Infosenteret ved HF.

Sist endret: 4.2.2009