Gå til innhold
English A A A

Førehandsgodkjenning av delstudiar i utlandet


Før du reiser ut.

Ei fagleg førehandsgodkjenning gir deg ein garanti for at det du studerer i utlandet kan inngå i den norske graden din. Du vel kurs ved mottakaruniversitetet som til saman utgjer eit fulltidsstudium.

Det vert gjeve to typar fagleg førehandsgodkjenning av studium ved utanlandske universiteter:

  • Spesifisert førehandsgodkjenning - tilsvarande eit emne.
    for studium som i innhald kan likestillast med eitt eller fleire emne ved UiB (til dømes fransk på 200-nivå). Då kan det utanlandske studiet verte godkjent som grunnlag for fritak for eitt eller fleire emne, slik at det kan inngå i spesialiseringa i bachelorgraden din og du seinare eventuelt kan halde fram på høgare nivå på det faget. Kravet er at det faglege innhaldet i emna du tek ute kan likestillast med tilsvarande emne ved UiB. Det faglege innhaldet i emna ved UiB finn du i emneoversikta i Studentportalen. 
  • Uspesifisert førehandsgodkjenning - frie studiepoeng
    for studium der det faglege innhaldet ikkje kan samanliknast med emne som finst ved UiB. Emne du tek i utlandet som ikkje eksisterer ved UiB kan gå inn i ein norsk grad som frie studiepoeng. Frie studiepoeng er ikkje mindre verdt enn spesifiserte. Eitt års  fulltidsstudium på eit godkjent universitet i utlandet tilsvarar eitt års fulltidsstudium ved  Universitetet i Bergen (60 studiepoeng).

Kor mange frie studiepoeng kan du ha i ein bachelorgrad ?
Kor mange frie studiepoeng du kan ha i bachelorgraden din er avhengig av kva for eit studieprogram du studerer på. For å få vite kor mange frie studiepoeng du kan ha i ditt studieprogram, ta kontakt med den faglege koordinatoren ved studieprogrammet ditt. Dersom du ikkje vet kven det er, kan du kontakte Infosenteret ved HF. For dei tre frie studieprogramma ved HF (bachelorprogram i estetiske fag, i historie- og kulturfag og i språk) kan du ha inntil 60 frie studiepoeng. Desse poenga kan anten vere andre emne frå norske universitet/høgskular eller emne frå godkjende utanlandske universitet. Pass på at du ikkje vel kurs som overlappar med emne du har tatt tidlegare.

Korleis kan eg søkje om førehandsgodkjenning?
1. Fyll ut søknadsskjema for førerhandsgodkjenning av delstudiar i utlandet

2. Legg ved emneomtale for dei kursa du velgjer.
Ei omtale skildrar det faglege innhaldet i kurset og kor mange credits/studiepoeng det gir.
Emneomtale kan vere ei utskrift frå nettsida til vertsuniversitet eller frå ein studiekatalog.

3. Antall studiepoeng:
I Noreg er eit fulltidsstudium normert til 30 studiepoeng kvart semester, dette svarer til 30 ECTS-poeng i Europa. De fleste universitet i EU nytter ECTS-systemet.
Dersom du reiser utanom UiB sine utvekslingsavtaler og vertsuniversitetet ikkje nyttar ECTS poeng (tilsvarar norske studiepoeng), må du óg opplyse om kor mange credits ved vertsuniversitetet som utgjer eit fulltidstudium. Då må du óg leggje ved informasjon som viser at du har blitt tatt opp på det utanlandske universitetet, til dømes ein e-post eller eit brev.

Søknad med vedlegg sendast:
Det humanistiske fakultet, Postboks 7805, 5020 Bergen

 

Når vi har handsama søknaden, sender vi deg deg eit førehandsgodkjenningsbrev som du sjølv må sende til Lånekassa.

 

Når skal du sende søknad om førehandsgodkjenning?
Før du søkjer om førehandsgodkjenning må du ha fått stadfesta at du har fått plass ved det utanlandske universitetet.
Lånekassa krev at du har ei førehandsgodkjenning før du søkjer studielån.
Ikkje alle universitet har kursstilbodet klart i god tid før semesterstart. I mange tilfelle er det kanskje ikkje klart før semesteret tek til. Det enklaste er å vente med å søkje om fagleg førehandsgodkjenning til kurstilbodet er klart.

Dersom kurstilbodet er klart før du søkjer om førehandsgodkjenning:
Før opp dei kursa du vil ta på søknadsskjemaet.

Dersom kurstilbodet ikkje er klart (men du treng ei førehandsgodkjenning for å søkje om lån):
Søk fakultetet om ei førehandsgodkjenning for fulltidsstudiar i eitt semester, og skriv på søknaden at kursoversikt ikkje er klar. For å være heilt sikker på at universitetet har det faget og den type kurs du ønskjer å studere der, må du undersøkje dette på nettsidane til universitetet. Du kan til dømes sjå på kursoversikta frå forrige semester for å få ein peikepinn på kva for emne det undervisast i.
Viktig: Når kursoversikta er klar og du har valt kurs, kan du sende oss ein e-post med liste over dei kursa du har valt for å vere sikker på at studiet vert godkjent.

VIKTIG: Ta godt vare på alle attestar, karakterutskrifter, 'transcripts' o.s.v. du får frå vertsuniversitetet. Dette er dokumentasjon du må ha med deg heim for å få endeleg godkjenning av studia frå UiB.

INFORMASJON SPESIELT FOR ERASMUSSTUDENTAR m.o.t. førehandsgodkjenning.

Erasmusstudentar må fylle ut ein såkalt "Learning Agreement" før dei reiser ut. Dette er eit skjema der du skriv opp dei kursa du skal ta. Skjemaet skal underteiknast av den institusjonelle Erasmus-koordinatoren (Helge Bjørlo ved Internasjonal studentmobiltet (Informasjonssenteret ved Utdanningsavdelinga, "Glasshuset") og den lokale Erasmuskoordinatoren ved heimefakultetet. Kven som er den lokale Erasmuskoordinatoren for di avtale finn du ut i Erasmusdatabasen. Studentar som reiser ut gjennom ei Erasmus-avtale må fylle ut både Learning Agreement og søkje om førehandsgodkjenning. Kursa som du fører opp i Learning Agreement og i skjemaet for førehandsgodkjenning må vere identiske.

Sist endret: 16.10.2009