Hjem
Click

HMS-portalen

Stråling og strålevern

Stråling er ein del av menneska sin naturlege omgjevnad, der sola er den største naturlege og viktigaste strålekjelda.

sol_pa_hoyden.jpg

Illustration
Foto:
Svenn-Arve Myklebost

Stråling er transport av energi i form av foton eller partiklar. Bruksområda og eigenskapane til strålinga er avhengig av kva energi fotona eller partiklane har.

Foton stråling

Det elektromagnetiske spekteret gjev ei oversikt over all elektromagnetisk stråling og korleis dei ulike bruksområda ligg i høve til einannan.

Partikulær stråling

Energien til dei atomære og subatomære partiklane er avhengig av farten på partiklane, og dess hurtigare partiklane går, dess større energi har dei.