Hjem
Click

Institutt for fysikk og teknologi

Bachelorprogram

Institutt for fysikk og teknologi tilbyr to bachelorprogram, eitt i fysikk og eitt i petroleum- og prosessteknologi. Bachelorprogrammet i fysikk konsentrerar seg kring lovene og prosessane i naturen, medan bachelorprogrammet i petroleum- og prosessteknologi er tverrfagleg og i større grad rettar seg mot teknologi. Begge programma har valemne og ei opning for å studere eit semster i utlandet slik at du har fridom til å velje kva du vil studere nærare og kva erfaringar du vil ta med deg frå studiet.

Olje- og gassindustrien jobbar med dei viktigaste spørsmåla innan energiproduksjonen i Noreg. Korleis skal vi få mest mogleg ut av oljereservoara våre? Kan ein fanga og lagre CO2 for å møte klimautfordringane? Korleis kan vi sikre at vi transporterer og behandlar oljen og gassen på en effektiv og trygg måte?

Om du er interessert i teknologi, og vil vere med på å svare på desse spørsmåla, er bachelorprogrammet i petroleum- og prosessteknologi noko for deg.

Petroleumsteknologi omfattar teknologi i samband med leiting, karakterisering og utvinning av petroleum frå olje- og gassreservoar. Prosessteknologi på si side omfattar transport og vidareforedling av olja og gassen etter at råvara har blitt henta opp til overflata.

*

Korleis heng verda saman? Kan vi gjenskape forholda rett etter Big Bang? Kor smått er det minste vi kan «sjå»? Kva er ei kvantedatamaskin, og korleis blir ho laga? Korleis blir atmosfæren si samansetting påverka av energitransport frå sola? Korleis kan ein måle og modellere kompliserte fysiske prosessar?

Fysikk er eit grunnleggande fag som tek føre seg heile naturen, frå det indre i atomkjernane til dei fjernaste galaksane. Fysikken er også fundamentet for andre naturvitskapar og for all moderne teknologi.

Studiet skal gjere greie for det teoretiske grunnlaget for fysikken, og elles eksperimentelle metodar og naturvitskapleg og teknologisk bruk av fysikk. Det blir lagt vekt på analytisk tenkemåte og teoretisk og praktisk problemløysing.