Fysikk

Her kan du finne ut meir om bachelorprogrammet i fysikk.

Fysikkstudentane ved UiB, som tek kurset PHYS115 om kvantefysikk og statistisk mekanikk, får høve til å møte studentar frå UiO til ein mini-vinterskule på CERN. I 2010 var det med 18 deltakarar frå Bergen. Desse fekk mellom anna lære meir om LHC, ATLAS- og ALICE-eksperimenta, som forskingsgruppa for subatomær fysikk på instituttet er med på. Foto: Per Osland.

 

Korleis heng verda saman? Kva er det som styrer alt som skjer? Ein fysikar kan studere alt i frå kvanteprikkar og ulike nanomateriale til nordlys og Big Bang. Å jobbe med fysikk kan vere å forske på om lyset som blir reflektert frå hud inneheld informasjon som kan brukast til diagnosering av hudkreft, eller det kan vere å utvikle hurtig og kompakt elektronikk med lav effekt til satelittinstrument.

 

Med ein bachelor i fysikk kan du skaffe deg ei fordjuping i fysikk og ei breidde i matematikk som er etterspurt i den norske arbeidsmarknaden og som kan danne grunnlaget for spennande studiar i fysikk på masternivå.

 

Via linken øvst til høgre kan du finne meir om kva studiet går ut på, kva moglegheiter studiet gir og korleis du kan søke.