Petroleum- og prosessteknologi

Her kan du finne ut meir om bachelorprogrammet i petroleum- og prosessteknologi.

Sidan 2006 har det blitt arrangert ekskursjonar til Nederland og USA der bachelorstudentar på sitt 3. år og masterstudentar i petroleumsteknologi og prosessteknologi har fått høve til å delta. Målet med ekskursjonane er at studentane skal lære om bransjen som kan bli deira framtidige arbeidsplass. Dei får besøke olje- og serviceselskap i Amsterdam og Texas og delta på foredrag og omvisningar av høg kvalitet. Her er dei som deltok på ekskursjonen i 2010 då dei besøkte oljefeltet Drew's Landing i Houston. Copyright: UiB

 

Korleis kan vi utvinne meir av oljen på norsk sokkel? Korleis kan vi handtere CO2? Dette er nokre av dei mange og spennande teknologiske utfordringane som må løysast. Rett i nærleiken av Bergen er det ilandføring av både olje og gass, faktisk ligg omtrent  75 % av arbeidsplassane i norsk petroleumsindustri her på Vestlandet.

Petroleumsteknologi handlar om dei metodene og verktya som blir brukt i leiting, reservoarkarakterisering og utvinning av petroleum frå olje- og gassreservoar. Prosessteknologi på si side omfattar transport og vidareforedling av olja og gassen etter at råvara har kome til overflata.

Bachelorprogrammet i petroleum- og prosessteknologi er ei tverrfagleg utdanning som startar med geologi, kjemi, matematikk og fysikk som grunnlag for spesialiseringsemna retta mot petroleum- og prosessteknologi. Dette gir eit godt fagleg grunnlag enten du veljer å gå vidare med eit toårig masterprogram i prosessteknologi eller petroleumsteknologi eller å gå rett ut i jobb.

Via linken til høgre kan du finne meir om kva studiet går ut på, kva moglegheiter studiet gir og korleis du kan søke.