Fysikk
Her kan du finne ut meir om bachelorprogrammet i fysikk.
Fysikkstudentane ved UiB, som tek kurset PHYS115 om kvantefysikk og statistisk mekanikk, får høve til å møte studentar frå UiO til ein mini-vinterskule på CERN. I 2010 var det med 18 deltakarar frå Bergen. Desse fekk mellom anna lære meir om LHC, ATLAS- og ALICE-eksperimenta, som forskingsgruppa for subatomær fysikk på instituttet er med på. Foto: Per Osland.
Korleis heng verda saman? Kva er det som styrer alt som skjer? Ein fysikar kan studere alt i frå kvanteprikkar og ulike nanomateriale til nordlys og Big Bang. Å jobbe med fysikk kan vere å forske på om lyset som blir reflektert frå hud inneheld informasjon som kan brukast til diagnosering av hudkreft, eller det kan vere å utvikle hurtig og kompakt elektronikk med lav effekt til satelittinstrument.
Med ein bachelor i fysikk kan du skaffe deg ei fordjuping i fysikk og ei breidde i matematikk som er etterspurt i den norske arbeidsmarknaden og som kan danne grunnlaget for spennande studiar i fysikk på masternivå.
Via linken øvst til høgre kan du finne meir om kva studiet går ut på, kva moglegheiter studiet gir og korleis du kan søke.
-
Det starta med ein fascinasjon for strengteorien!
Selda Ekiz har alltid vore litt interessert i allslags realfag, men på vidaregåande syntes ho til dømes at kjemi var kjekkare enn fysikk. Vendepunktet kom då ho studerte psykologi. Det var etter ei episode av Schrödingers katt om CERN og partikkelfysikk at Selda innsåg at ho ville bli fysikar.
-
-