Engasjer deg
Her kan du finne informasjon om institutt- og studentorgan.
Fagutvalet for fysikk og teknologi
Fagutvalet for fysikk og teknologi er kontaktleddet mellom studentane og dei tilsette på instituttet. Der finn du både master- og bachelorstudentar som ynskjer å gjere instituttet til den beste staden i landet å studere fysikk og teknologi. For å kunne påverke dei vedtaka som blir gjort på instituttet stiller fagutvalet med studentrepresentantar i programstyra, instituttrådet og i andre møter med dei tilsette. Kvart semester evaluerar fagutvalet emner og gir råd til kven som skal få prisen for årets forelesar på fakultetet.
Ta kontakt med fagutvalet (fagutvalg.ift@uib.no) om du har innspel til korleis undervisninga eller informasjonen om undervisninga kan bli betre, lurer på kva rettar du har eller liknande.
Programstyre - er ansvarleg for alt som har med studiane på instituttet å gjere, det kan vere studieprogram, studieplanar, emnekoder og liknande. Fysikk, petroleumsteknologi og prosessteknologi har kvar sine programstyre. Om du til dømes søker om å få utsatt frist for innlevering av masteroppgåva er det programstyret som vurderer søknaden.
Instituttråd - diskuterar strategien til instituttet, handsamar budsjett, rekneskap og store endringar i studietilbodet og leverer forskings-, forskarutdannings- og utdanningsmeldingar til fakultetet.
Fysikkshow
Etter inspirasjon på ei fysikkonferanse arrangert av EuroPhysicsFun, tok ei gruppe fysikkstudentar i 2008 initiativ til å starte opp sitt eige fysikkshow. Etter det har studentane våre reist rundt for å besøke ungdomsskular og vidaregåande skular i bergensområdet og gitt elevar og lærarar eit fysikkshow med magnetar, snurrande hjul, iskrem laga av flytande nitrogen, lydlaus vekkarklokke i vakuum og anna artig fysikk.
h-bar
h-bar skal vere med på å betre det sosiale miljøet for tilsette og studentar på instituttet. Baren ligg i første etasje i sydfløyen (følg dei rosa pilene) og har ope fredagar klokka 19-01. Studentane som driv baren arrangerar quiz annakvar fredag og andre artige tilstellingar når det passar. Følg med på kva som skjer på plakatar rundt omkring på fakultetet, på facebook, og heimesida til h-bar, og ta kontakt i baren eller på e-post h-bar@ift.uib.no om du vil vere med.
Relevante eksterne organisasjonar
Norske fysikkstudenters forening (NoFFo)
Society of Petroleum Engineers (SPE) Bergen Student Chapter
Sist endret: 21.2.2013
- Organisasjon
- Formidling
- Utdanning
- Fysikk