Studiemuligheter i utlandet
UiB fokuserer sterkt på internasjonalisering. Alle gradsstudentar skal difor ha høve til å studere eit semester ved eit universitet i utlandet.
Vi samarbeider med om lag 400 utanlandske institusjonar for å kunne gi deg høve til å studere i utlandet. UiB si satsing på internasjonalisering inneber også at det er mange utanlandske studentar som studerer hjå oss i Bergen. Både det høge talet utreisande studentar og det høge talet utanlandske studentar som kjem til UiB bidreg til å gjere UiB til eitt av dei mest internasjonale universiteta i Noreg i dag.
Les meir om Internasjonal uke 2013 ved UiB her!
-
Inspirasjon og idear
Det er mange gode grunnar til å reise på utveksling. Ein grunn er at du kan studere fag du elles ikkje kunne studere i Noreg. Ein annan god grunn til å reise på utveksling er at du får høve til å lære deg språket i landet du reiser til.
-
Kva, når og kvar?
Kva fag skal du velje? Når kan du reise? Kvar skal du studere? Korleis finansiere eit utanlandsopphald? Her finn du informasjon som du kan nytte for å finne eit utvekslingsopphald som passar for deg.
-
-
Vi hjelper deg på veg
Studieadministrativ avdeling hjelper med generell informasjon om studiar i utlandet som del av gradsstudia dine ved UiB. Fakultet og institutt/studieprogram hjelper deg med fagleg informasjon og spørsmål knytt til godkjenning av studiane i utlandet. På sidene til høgre kan du finne informasjon som fakulteta har lagt ut for sine studentar, inkludert informasjon om utvekslingstilbod som er reservert det enkelte fakultet sine studentar.
-
Om du treng hjelp i utlandet
Om du treng hjelp medan du er i utlandet kan det vere nyttig å vere merksam på følgjande punkt:
-
UiBs Internasjonale uke 14.-18. januar 2013
"I løpet av et halvt år på New Zealand hadde jeg sannsynligvis flere fantastiske opplevelser enn i de forrige 23 årene av mitt liv til sammen. Selv om bankkontoen ble tømt følte jeg meg rikere enn noen sinne." Thomas S. Jensen, University of Waikato, New Zealand.