Infor,matikk - Formidling

Forskningsformidling

Formidling av forskinga ved Instituttet vert hovudsakleg gjort gjennom publisering i tidsskrift, konferanseproceedings og bøker. Når det gjeld internasjonal publisering, har insituttet den høgste talet publikasjonar per vitskapeleg tilsett blant alle institutta ved fakultetet og alle informatikkinsitutta i Norge. Siteringsindeksane for instituttet syner at vi er langt overbåde verdsmedel og norsk medel for faget.

Forskingsformidling vert også gjort ved  å deltaking på og/eller ved å arrengera konferansar, seminar, sommar- og vinterskuler og slikt. Meir informasjon om dette finn du på sidene til forskingsgruppene.

Våre publikasjonar frå publikasjonsdatabasen Cristin

Instituttseminaret er torsdagar frå kl.14:15 i stort auditoriom på HiB. Her ønskjer vi å kunne presentere ulike tema som kan ha interesse for heile informatikkmiljøet, der både studentar, tilsette og folk utanfrå instituttet kan delta. Informasjon om dette finn du under "Instituttseminar".

Formidlinga er også viktig i forhold til rekruttering til faget. Vi prøver å delta i ein del ulike fora og arrangementer der vi i møte med ikkje-informatikarar kan få presentert faget vårt for nye grupper. Ta kontakt med formidlingsgruppa om du ønskjer meir informasjon om dette.

Skuleklassar er velkomne for omvisning, presentasjon av faget og informasjon om det å studera informatikk. Ta kontakt med oss for å gjera nærare avtale om det: post@ii.uib.no