Soga om Informatikk i Bergen

UiB fekk si fyrste datamaskin, ei IBM 650, i 1958. Maskina vart leigd saman med fleire firma og offentlege etatar og vart m.a. brukt til utrekning av skattelikninga. Maskina fekk kallenamnet EMMA (Elektronisk MAtematikkMaskin). Maskina (CPU) vog omlag eit tonn og hadde ei månadsleige på $3200. Sentralt minne var på ei tromme.

For $1500 i månaden kunne ein leiga internt minne på 60 ord (kvar på 10 teikn) – dvs. at 1 GB interminne (som er heilt vanleg i ein PC i våre dagar) ville ha kosta 2,5 milliardar dollar i månadsleige!

Pionerperioden 1963-84

Regulær undervising i det som seinare fekk namnet informatikk (eller IT eller IKT) starta i 1963 ved Matematisk institutt med to emne (kvar på 5 vekttal = 15 studiepoeng) i året, eit i numerisk analyse gitt av Kjell Overholt og eit i databehandling gitt av Ernst S. Selmer og Kåre Fløysand. Alt same året starta Overholt hovudfagsundervising.

I dei neste 30 åra var numerisk analyse og databehandling dei hovudretningane i aktiviteten. Etter kvart vart det oppretta eigne stillingar i numerisk analyse og databehandling og kurstilbodet vart bygd ut.

I 1979 fekk informatikk status som eige fag. "Gruppa for numerisk analyse og databehandling" gav då undervising i emne på totalt 40 vekttal (120 studiepoeng).

All maskinell databehandling vart fyrste åra utført på universitetet si datamaskin (det var berre ei) og inndatamediet var holkort. I 1969 fekk gruppa si fyrste eigne datamaskin for undervisingsbruk, ei NORD-1 frå Norsk Data. Dette vart starten på ein tjueåring periode med utstyr frå Norsk Data, NORD-10, NORD-100, NORD-500. Tilgangen var skifta frå holkort til terminalar.

Pioneren

Kjell Jørgen Overholt er pioneren i informatikk ved UiB framfor nokon. Han var universiteteslektor i anvend matematikk då han starta opp undervising i numerisk analyse i 1963. Han vart og involvert i undervisinga i databehandling og vart naturleg nestor i gruppa som etter kvart vart etablert. Han rettleia ei rekkje hovudfagsstudentar, og dei fleste av dei som vart tilsett i numerisk analyse og databehandling i pionerperioden fram til 1983 var hans tidlegare studentar. Han vart den fyrste (og einaste) professoren i informatikk (formelt: numerisk analyse og databehandling) i denne perioden. Då instituttet vart oppretta i 1984 var han det naturlege valet som fyrste instituttstyrar ved Institutt for informatikk, og han var instituttstyrar 1984-85. NAVF hadde på den tida ei ordning der professorar kunne søkja om eit 5-årig stipend (frå 62 år) kombinert med eit 3-årig seniorstipend. Overhold fekk tildelt slikt stipend og arbeidde difor dei siste åtte åra av yrkeskarrieren (1987-95) som forskingsprofessor ved instituttet på full tid.

Fyrste tiår som eige institutt 1984-93

I 1984 vart Matematisk institutt delt ved at "gruppa" vart eige institutt, Institutt for informatikk. Fyrste instituttstyrar var professor Overholt. Det nye instituttet hadde 11 stillingar - 6 faste vitskaplege, 3 vitskaplege assistentar og 2 administrativt tilsette. Undervisingstilbodet var blitt på 65 vekttal (195 studiepoeng).

Regjeringa sitt IT-program 1987-94 gav UiB mykje ressursar til IT, og det var ei kraftig oppbygging av instituttet med stillingar og utstyr.

I 1994 hadde instituttet 9 professorar og 7 amanuensar/førsteamanuensar. Det var ein medveten politikk å konsentrera aktiviteten på nokre utvalde sentrale område av informatikk for å få gode forskingsgrupper og undervising av høg kvalitet på alle nivå. Undervisingstilbodet var på 38 emne og totalt 158 vekttal (474 studiepoeng). Doktorgradsutdanning var etablert og fyrste dr. scient.-disputas var i 1992.

Instituttet hadde i 1984 fleire NORD-maskiner kopla saman og eigne terminalstover for lågaregradsstudentar og hovudfagsstudentar. I perioden var ei total omlegging av uitstyrssituasjonen. Sentrale maskiner med tilkopla terminalar vart skifta ut med SUN "arbeidsstasjonar", dvs. personlege datamaskiner med meir datakraft og større skjerm enn vanlege PCar.
Forskingsmessig starta stasing på parallelprosesseringsmaskiner og oppbygginga av eit nasjonalt senter for parallelprosessering, Parallab, som vart organisrt som ein avdeling i Unifob, universitetet sin avdeling for oppdragsforsking.

I 1992 vart alle informatikkinstitutta ved norske universitet og høgskolar evaluert av eit internasjonalt utval oppnemnt av NAVF. Instituttet fekk mykje god omtale og ros for den medvetne konsentrasjonen om utvalde område. Forskinga vart funnen å liggja på eit høgt internasjonalt nivå. Utvalet hadde konstruktive framlegg til mindre endringar av organiseringa.
Instituttet fylgde opp evalueringa ved å omorganisera eit par aktivitetar, la ned ein, og etablerte eit nytt fagområde, bioinformatikk, i eit samarbeid med Molekylærbiologisk institutt.

Vidare vekst 1994-2002

Dette var ein periode med kraftig vekst i studenttalet. Talet på nye studentar til fyrsteavdeling toppa seg i 2000 og til mastergrad i 2003. Det var og ein auke i talet på vitskapleg tilsette, men ikkje i same takt.

Ved utgangen av 2003 hadde instituttet 19 professorar, 6 førsteamanuensar og 5 professor/førsteamanuensis II. Administrasjonen vart styrka, fyrst med kontorsjef og seinare studiekonsulent.

Utstyrsmessig vart PCane så kraftige at skiljet mellom arbeidsstasjonar og PC vart viska ut og vi gjekk over til Dell PCar som standardutstyr i slutten av perioden. Datasalane for lågaregradsstudentar vart overtatt av fakultetet og gjort tilgjengelege for alle fakultetet sine studentar.

I ei ny NFR-evaluering av ein internasjonal fagkomité fekk instituttet svært god omtale. Tre av forskingsgruppene fekk karakteristikken excellent, dei andre tre very good. Dette var klart betre enn andre informatikkinstitutt i Noreg.

Store endringar 2003-

Dei siste åra har sett ei rekkje endringar, i studieopplegg, i organisasjon, i økonomiske vilkår.

Kvalitetsreforma inneheldt fleire element. Nokre av desse hadde alt realfaga hatt i mange år (oppdeling i emne, gruppeundervising, obligatoriske øvingar). Studiet vart organisert i ein bachelorgrad på tre år (tidlegare cand. mag. var 3,5 år) og ein mastergrad på to år (tidlegare hovudfag var 1,5 år). Opptak vart til spesifikke bachelorstudier mot før til fakultetet. Evalueringsystemet vart lagt om med stor fridom til å bruka ulike evalueringsformer. Karakterskalaen vart skifta ut. Fakultetet vedtok oppdeling i mindre emne (før var dei fleste emna 5 vekttal = 15 studiepoeng, no vart alle emne 10 studiepoeng).

Dette kom samstundes med eit kraftig budsjettkutt (ca. 15%) i 2003. Det har difor vore ei stor utfordring for instituttet å oppretthalda kvaliteten på undervisinga, men vi meiner å ha lukkast med dette. Ei uavhengig evaluering av undervisingsopplegget ved instituttet i 2005, utført av kollegaer frå Oslo og Uppsala konkluderte med undervisingsopplegget er godt og at undervisinga fungerer godt.

Instituttet fekk, tilliks med dei andre institutta på fakultetet, ny organisasjonsform frå 2004. Etter omlegginga er instituttet leia av ein instituttleiar som er tilsett av fakultetet. Instituttstyret er avskaffa og erstatta med ei instituttråd som er rådgivande for instituttleiar.

Etter tilråding i evalueringa i 2002 vart gruppa for numerisk analyse (5 professorar og ein stipendiat) flytta over til Matematisk institutt i 2005. Det var slutten på 42 års hopehav mellom numerisk analyse og databehandling, men eit rimeleg steg på bakgrunn av den faglege utvikling dei siste 10-15 åra.

Etter denne flyttinga har instituttet 5 forskingsgrupper: algoritmer, bioinformatikk, programutvikling, optimering, sikker og litande kommunikasjon. Instituttet har starta oppbygging av ei ny forskingsgruppe i visualisering.

Instituttet hadde, ved inngangen til 2006, 13 professorar (inkludert instituttleiar) og 6 førsteamanuensar, omlag 10 postdoktorar og 35 stipendiatar, vel hundre mastergradstudentar og eit par hundre bachelorstudentar.

Vi gir undervising i 33 emne (i alt 330 studiepoeng). I 2005 vart det avlagt 52 mastergradar og 6 doktorgradar.

Kvar blir kandidatane av?

Frå 1965 til 1983 var det 49 som tok hovudfag i numerisk analyse/databehandling/informatikk. Frå instituttet vart oppretta i 1984 til og med 2005 er det 64 som har tatt doktorgrad og 370 som har tatt hovudfag/mastergrad i informatikk. Dei har gått til alle slag verksemder: forsking og undervising, næringsliv og forvaltning, i innland og utland. Nokre har og markert seg utanfor faget.

Nokre døme (med hovudvekt på forsking og akademia) er: