Nyhet
13.12.2012

Informatikk får pris for beste læringsmiljø

Universitetet i Bergen sin læringsmiljøpris blei i dag tildelt Institutt for Informatikk.

Prisen lyder på heile 50 000 kr og er ei påskjøning til eit miljø eller enkeltpersonar som lukkast i å legge forholda spesielt godt til rette for læring gjennom fagleg, pedagogisk og sosial innsats eller ved å tilrettelegge det fysiske og psykososiale læringsmiljøet. Prisen blei overrakt av rektor på utdanningskvalitetsseminaret

I grunngjevinga for prisen står det: Instituttet har fått prisen for å ha identifisert konkrete utfordringar i læringsmiljøet, og lagt opp ein plan for korleis dei kunne betre dette. Dei har sett inn faglege, menneskelege og økonomiske ressursar for å gje instituttet eit kraftig løft. Instituttet får ros for å ha støtta studentreiser til konferanser, arrangert felles julebord for tilsette og studentar, samt for å ha skapt ein lesesal som kan nyttast til sosiale formål.

På Høyden kan du lese meir om korleis Informatikk halverte  fråfallet av studentar og intervju med våre stolte prismottakarar.