Nyhet
23.03.2012

Tal på born med angst kan halverast

Semje mellom born og terapeut om målet med behandlinga aukar sjansen for at born vert kvitt angst, syner ny forskning ved Universitetet i Bergen.

Krister Westlye Fjermestad disputerte nyleg med avhandlinga "The therapeutic alliance in cognitive behavioural therapy for youth with anxiety disorders". Fjermestad har forska på born med angst og kva faktorar som spelar ei rolle for at behandlinga av angsten skal lukkast. Forskinga viser at at samarbeidsrelasjonen mellom pasienten og terapeuten er svært sentral for at for at behandlinga skal ha effekt.

- 15 prosent av alle born i Bergensregionen har angstsymptom. Dette talet kan halverast om ein arbeider for eit betre samarbeidsklima mellom bornet og terapeuten, seier Fjermestad til På Høyden.

Fjermestad har mellom anna funne at det er avgjerande at bornet og terapeuten er samd om målet med behandlinga. Dette er minst like viktig som at bornet kjenner seg trygg på og liker terapeuten. Bornet kan ha annan motivasjon for å gå til behandling enn foreldra til bornet har. Om denne motivasjonen vert kartlagt, aukar sjansane for eit betre behandlingsresultat i følge Fjermestad.

Les heile saka i UiB si nettavis På Høyden.