Hjem
Imagining and experiencing the 'refugee crisis' (IMEX)
Nyheter

Fersk masteroppgåve gjev UDI fagleg påfyll

Rykande fersk forsking frå masteroppgåva til Kristine Wenaas blei formidla til interesserte fagfolk i UDI.

Kristine Wenaas presenterer funna sine for UDI-tilsette
Kristine Wenaas presenterer funna sine for UDI-tilsette
Foto/ill.:
UiB/Bygnes

Hovedinnhold

Med masteroppgåva i sosiologi levert for berre ei veke sidan, kunne Kristine Wenaas by på rykande fersk forsking då ho var hos UDI for å fortella om sine funn saman med sin veileder Susanne Bygnes. I oppgåva «Kom og kjenn på nabovarmen» såg ho på korleis eit nærmiljø reagerte på å få asylmottak i nabolaget. Kristine Wenaas er ein av dei driftige masterstudentane som har vore tilknytta IMER Bergen, forskingsmiljøet for migrasjonsforskning på UiB som Susanne Bygnes leiar.

Under «flyktningekrisa», den store tilstrømminga til Europa av asylsøkarar i 2015 vart det oppretta mange mottak på kort varsel. Korleis opplevdes det å vera av dei som fekk eit slikt mottak i nærområdet sitt?

UDI var dei som hadde ansvaret for å planlegga og gjennomføra oppretting av nye mottak, så det var folk med førstehands kjennskap til stoffet som sat og lytta då Wenaas presenterte funna sine.

Gjennom intervju med innbyggjarar rundt eit slikt nytt mottak kartla Wenaas folks forventningar, erfaringar og synspunkt på å få plassert eit slikt mottak i nærmiljøet. På førehand var stemninga usikker, både når det gjaldt korleis mottaket ville påverka nabolaget og korleis nabolaget ville håndtera situasjonen. Mange ville vera med og visa at vi som bur her, tar ansvar når det trengs – uavhengig av kva ein måtte synast om asylpolitikk ville dei at området skulle framstå som det positive bumiljøet dei var stolte av å tilhøyra. Ville dei få til å samla gode krefter til å gjera ein skilnad for dei som no kom?

Det var også mykje uvisse om kva slags folk det var som ville koma – ville det vera hordar av unge menn som gjer nabolaget utrygt? Informasjonsmøtet som vart halde før asylmottaket opna blei trekt fram av mange som nyttig -«eg gjekk derfrå mindre uroleg enn då eg kom», som ein av dei Kristine intervjua uttrykte det. Dei fekk også større kjensle av kontroll frå UDI og mottaksapparatet si side - det at ulike synspunkt frå bebuarar kom til uttrykk på møta og blei besvarte av UDI såg folk positivt på.

Då mottaket kom, var uvissa stor, og nokon foreldre begynte å følga borna sine til skulen for å vera på den sikre sida, men då ingenting skjedde som påverka den trygge skulevegen, slutta dei fort med det. Folks uvisse minka då dei såg at dei merka lite til mottaket - og etterkvart vart det heller ei kjensle av at ein merka overraskande lite til mottaket. "Det gjekk litt fleire utlendingar langs vegen, men ellers merka vi ingenting til det", som ein uttrykte det. Uvissa vart redusert når dagliglivet gjekk sin vante gang.

Nokon av dei som ønska å bidra til å ta i mot flyktningane når dei kom, vart heller frustrerte over kor vanskeleg det var å få oppretta kontakt mellom nærmiljø og mottak - dei sikkert naudsynte rutinene for kven som kunne sleppa inn i mottak gjorde det vanskeleg å vera spontan. Det føltes som om systemet la ein dempar på mogelegheita for folk til å engasjera seg positivt og gjorde det vanskelegare å få kontakt med flyktningane på mottaket. 

Tilhøyrarane nikka gjenkjennende mange gonger under presentasjonen, og det blei notert flittig på blokkene. UDI må alltid vera klare for at utviklinga kan snu, no driv dei nedlegging av mottak, men planane må alltid finnast for opprettingar av nye om det trengs. Då er erfaringar frå "flyktningekrisa" nyttige å ha - og relasjonar til nærmiljøa er alltid viktige for ein god prosess. 

Prosjektleiar Susanne Bygnes presenterte eit oversiktsbilde frå intervju med folk i nærmiljøet til ulike mottak og data frå Medborgerpanelet. Ho fekk finansiert eit pilotprosjekt om erfaringar frå flyktningekrisa ved hjelp av SV-fakultetet og Sosiologisk institutt på UiB. Seinare har ho fått midlar frå Norges Forskningsråd til å vidareutvikla dette til eit stort prosjekt dei neste fire åra.

Folk beskriv det som mindre dramatisk å oppleva møte med faktiske flyktningar enn å gå å venta på eit asylmottak i nærmiljøet sitt. Når folk tenker på å få eit asylmottak i nærleiken, er uvissa stor og det er nærliggande å frykta det verste. 

Når mottaka først har kome, merkar dei fleste lite til dei, og også folk som er ytterst skeptiske til å ta i mot flyktningar lever greit med at dei er der - "eg drit no i dei der muslimane, eg ser dei jo kvar dag", som ein uttrykte det. Det tyder ikkje at dei no er meir positive til å å ta i mot flyktningar, men dei uttrykker mindre motstand mot dei konkrete flyktningane som finst i nærmiljøet. 

I forskningssamanheng er det kort tid sidan flyktningekrisa, så mange fleire resultat frå forskninga vil venteleg koma framover. Andre masterstudentar og forskarar på IMER Bergen vil også få høve til å formidla funna sine til UDI, andre relevante fagetatar og ålmenta.