Universitetet i Bergen : Forskningsdagene : Språktestene : Dialektar i Hordaland

  Dialektleiken


 

 

Første sida

 

Bergensk

Bergensk er noko for seg sjølv, og har vore det frå mellomalderen. Byen med kanskje 30 % utlendingar og mange norske innflyttarar var eit slikt konglomerat at det har skapt vilkår for radikale språkendringar bort frå den nordhordlandske dialekten som var utgangspunktet. For eksempel er det å ha infinitivar på -e svært spesielt når omlandet har berre -a. Dette har truleg innflyttarar langt borte ifrå ansvaret for.

Felleskjønn, dvs. samanfall mellom hankjønn og hokjønn, er eineståande for ein norsk dialekt, dvs. å seie faren og moren for faren og mora. Bergensk er òg aleine blant tradisjonelle dialektar om å ha former som kastet i preteritum for kasta. Desse avstikkande bøyingane er nok resultat av at byen var i si tid ei smeltegryte der mange dialektar og språk var 'putta oppi'.

Den mest kjende påverknaden er frå lågtysk. Derifrå kom ei stor mengd ord inn i norsk, og ofte via bergensk. Bergensk har også vore innfallsporten for den einaste grammatiske påverknaden frå lågtysk: sin-genitiven, som i Petter sin tante sin katte var død! Å bruk sin på denne måten, blei tidleg vanleg på Vestlandet og i Nord-Noreg, der kontakten med Bergen var stor. Etter siste verdskrigen har denne konstruksjonen også breidd seg på Austlandet, slik at der òg kan folk i dag seie: Det er han som sit der, sin. (Elles måtte dei seie: Det er han som sit der, 's eller Det er han som sit der, som eig han.)