Universitetet i Bergen : Forskningsdagene : Språktestene : Dialekter i Hordaland

  Dialektleiken


 

 


Første sida

Innfløkt kart i bestemt form fleirtal

I bestemt form fleirtal av hankjønns- og hokjønnsorda, dvs. i ord som f.eks. båtane, grisene, solene og visene, er det svært mange ulike endingar i hordamåla, ikkje berre -ane og -ene, som i skriftmålet.
  • Slik som i nynorsk skriftmål er det i midtre delane av Sunnhordland: båtane, grisene, solene og visene
  • I Bergen er det som i bokmål, dvs. at ein bruker berre forma -ene.
  • I Nordhordland, Midthordland og Hardanger dominerer eit mønster der ein har anten -ane eller -ena, dvs. båtane, grisena, solena, markane, visena.
  • På Voss er sistevokalen e i hankjønn og a i hokjønn: båtane, grisene, solena, kjeringane, visena.
  • På Sotra, på Tysnes og i Austevoll endar alle endingane på -a til slutt: båtana, grisena, solena, markane, visena.
  • I Røldal og synste delen av Sunnhordland er endingane -adne og -edne: båtadne, grisedne, soledne, markadne, visedne.