|

Hør
Ingunn, 20 år frå Kårevik ved Leirvik på Stord
Første sida
|
Stord
Dialekten i Stord er særprega av dei sunnhordlandske draga:
- Her har ein i bestemt form eintal berre éi ending: -o. Denne endinga er altså brukt i både ord som viso, jento og solo, bruro. Det vil seie at dialekten har same endinga i både sterke og svake hokjønnsord.
- Adjektiv og presens av sterke verb endar i sunnhordlandsk på ein 'innskotsvokal' e, dvs. at det heiter dar kjeme ein store båt. (Altså ikkje dar kjem ein stor båt.)
- I bestemt form fleirtal endar ho- og hankjønnsorda på anten -ene eller -ane, dvs. at sistevokalen i endinga er alltid -e: bilane, kjerringane, grisene, kånene.
- Uttalen av diftongane ei og øy er slik bokstavverdiane tilseier. Her heiter det ikkje f.eks. bain og håy, men bein og høy. Å blir uttalt som monoftong: båt.
- Dialekten har tonemforskjell, dvs. at det blir gjort forskjell i uttalen på bestemt form av far og bestemt form av fare. Vi kan skrive forskjellen slik: 1far'n og 2far'n (dvs. med tonem 1 og tonem 2).
- Dialekten på Leirvik fekk skarre-r alt kring 1900. No er denne r-en vanlegaste r-lyden i Stord.
- I den eldre dialekten var det vanleg med former som kadna, kåbma og kadla (for kanne, komme, kalle), dvs. at dn, bm og dl svarar til nn, mm og ll i skriftmålet. I moderne stordamål er kanna og kåmma blitt vanlege former, mens kadla altså dl for ll framleis held seg.
|