Universitetet i Bergen : Forskningsdagene : Språktestene : Dialektar i Hordaland

  Dialektleiken


 

 

Første sida

Skarre-R

Skarre-r-en spreier seg i dag med stor fart nordover Vestlandet, og kontakten med Bergen er nok bakgrunnen for språkendringa. I dag er denne lyden i bruk hos dei aller fleste yngre personane i Hordaland fylke.

Men skarre-r-en er ein nokså ny lyd i språket vårt. Sjølv om Bergen var tidleg ute, så skarra ikkje vaksne bergensarar tidleg på 1800-talet, dvs. slike som Lyder Sagen. Men i deira tid begynte nok ungane å ta opp denne "fine" lyden.

Det var også først på 1780-talet at skarringa kom til København. Ho spreidde seg frå Paris til storbyane i Nord-Europa på 1700-talet. Frå storbyane har lyden gått til mindre byar og til landområda ikring. Før 1900 fanst skarringa i Kristansand og på Sørlandskysten, i Stavanger, i Odda og Sørfjorden og i Bergen. Ved det hundreårsskiftet var skarre-r-en alt på offensiven i Sunnhordland, og no ved neste hundreårsskiftet fanst det skarre-r i heile Rogaland og Hordaland. No går nordgrensa for skarring i Sunnfjord.