|
Universitetet
i Bergen : Forskningsdagene : Språktestene
: Dialektar i Hordaland |
|
![]() |
|
|
|
Ymse vokalar.Diftongane ei og øy blir på Voss og i Hardanger uttalte ai og åy. Der blir også å uttalt som diftong, dvs. som ao. Dermed heiter det vaote våtta for våte vottar, for o-en blir uttalt som å. I Sunnhordland heiter det våte våtta, dvs. med same vokalen i begge orda. I nordhordlandsk har det vore vanleg å seie våte vòtta, der vokalen ò liknar på ein ø-lyd utan å vere det heilt, for ein vòtt rimar ikkje på søtt. Nordhordlansk har altså ein ekstra-vokal. I dag har nok mange yngre gått over til å seie våte våtta der også, men denne ekstra-lyden finst likevel hos mange i visse ord, f.eks. hòve (= hovud).
|