Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 1999

NY DOKTORGRAD

Den mentale horisonten

   

Cand.philol. Rasmus T. Slaattelid disputerer fredag 19.november for dr.art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Horizons of the Mind".

I klassisk tid høyrde "apori" (utvegsløyse) til filosofiens aller viktigaste begrep. Avhandlinga utviklar ei fortolking av den klassiske filosofiens "aporetiske metode", som så vert nytta til å undersøkje eit spesifikt filosofisk problem: forsøka på å definere menneskets mentale "horisont". Avhandlinga viser at horisontbegrepa i moderne tolkingslære og fenomenologi er problematiske (eller aporetiske) i filosofisk forstand, og den viser kva dette inneber gjennom å undersøkje freistnader på å løyse liknande problem eller aporiar hjå m.a Leibniz, Kant og Wittgenstein.

Personalia:
Rasmus T. Slaattelid er fødd på Voss 9. januar 1964. Han vart cand. philol. ved Universitetet i Bergen i 1993 og har i perioden 1994-1998 vore doktorgradsstipendiat (NFR) og har arbeidd ved Filosofisk institutt i Bergen. Han abeider for tida på prosjektet "Gresk-norsk filosofisk ordbok" same stad.

Tid og stad for disputasen:
Fredag 19. november 1999, kl. 10.15 i auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9.

Kontaktpersonar:
Rasmus T. Slaattelid, tlf. 55 58 24 93 (a), 55 55 82 83 (p), e-mail: Rasmus.Slaattelid@fil.uib.no
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p), e-mail: ronnaug.tveit@info.uib.no