Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2001

NY DOKTORGRAD

Purisme i nordiske språk

   
Cand.philol. Endre Brunstad disputerer 12. oktober 2001 for dr.art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Det reine språket. Om purisme i dansk, svensk, færøysk og norsk.”

I løpet av dei siste åra har har mange vore opptekne av den auka språkpåverknaden frå engelsk. Der har kome reaksjonar, både frå folk flest og frå normeringsinstansar. Ser vi slike reaksjonar i ein større historisk og språkpolitisk samanheng, vil purisme-omgrepet stå sentralt. Purisme er ein ideologi prega av tanken om det reine språket: Visse framande språkinnslag bør haldast ute, av di dei gjer språket ureint. Dette språkidealet er kombinert med aktiv innsats for å avløyse språklån med heimleg materiale, eller for å tilpasse låna til heimleg språkstruktur. Purisme kan i prinsippet omfatte alle nivå av språket (ordval, stavemåte, bøying, uttale etc.).

I denne avhandlinga vert purismen analysert historisk og sosiolingvistisk (som samfunnsfenomen), og vurdert i høve til allmenn teori om normering.

Som utprøvingsområde er det valt fire nordiske språksamfunn: det danske, det svenske, det færøyske og det norske. Desse vert òg samanlikna med utviklinga elles i Europa. For perioden etter 1945 legg avhandlinga vekt på korleis purismen er vorten aktualisert gjennom påverknaden frå engelsk.

Studien viser klår samanheng mellom purisme og språkstandardisering, purisme og klassisk retorikk, purisme og makt, purisme og ulike former for språknasjonalisme, og purisme og engelskpåverknad. Studien diskuterer elles om purisme er eit allment trekk ved standardspråk, og om det er positivt eller negativt med purisme.

Personalia:
Endre Brunstad (fødd 1967) kjem frå Sykkylven. Han tok cand.philol.-eksamen med nordisk hovudfag ved Universitetet i Bergen hausten 1994. Frå hausten 1996 og fram til sommaren 2000 var han NFR-stipendiat ved Nordisk institutt. Deretter har han vore tilsett som forskar same staden.

Tidspunkt og sted for disputasen:
12.10.2001, kl. 10.15, Auditorium B, Sydneshaugen skule.

Kontaktpersoner:
Endre Brunstad, tlf. 55 58 83 99(a)/55 32 69 19, epost: Endre.Brunstad@nor.uib.no
Informasjonsavdelingen v/ mediekontakt Anette W. Petersen, tlf. 55 58 90 34 (a),e-post: anette.petersen@info.uib.no

Avhandlingen kan lånes på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.