Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2001

NY DOKTORGRAD

Fattigdom på landsbygda i Sør Asia.

   
Cand. polit. Magnus Hatlebakk disputerer fredag 15. juni for dr. polit. graden i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Essays on power and poverty in informal rural markets."

Avhandlinga brukar spelteori for å forstå åtferda til aktørane i uformelle kreditt- og arbeids-marknader på landsbygda i Sør Asia. På grunnlag av feltarbeid i Nepal utviklar Hatlebakk ny teori som kan forklare åtferda til aktørar som handlar innan komplekse sosiale system. Med grunnlag i teorien utviklar Hatlebakk empiriske hypotesar som vert testa mot alternative hypo-tesar ved bruk av levekårsdata frå Nepal. Hatlebakk syner, med låneprogrammet Grameen Bank som døme, korleis kjennskap til underliggjande strukturar i fattige økonomiar kan effektivisere hjelpe-program retta mot dei fattige.

Hatlebakk finn empirisk støtte for at lokale pengeutlånarar samarbeider om mono-polistisk prisdiskriminering. Han finn stor variasjon i dei uformelle rentene, som kan overstige bankrenta med meir enn 40%. Forutan høge renter for kortsiktige lån, varierer rentene med låntakarane sin etniske bakgrunn, med utlånskapasiteten i landsbyen og mellom regionar. Han finn ikkje støtte for teoriar om kostnadsprising, det er t.d. ikkje grunnlag for å seie at penge-utlånarar tek risiko.

I Hatlebakk sin analyse av arbeidsmarknaden drøftar han korleis jordeigarar truverdig kan sikre at arbeidarar aksepterer ei løn under marknadsløna. Han drøftar ein trussel som går via ein tredje part som har makt til å påføre arbeidaren ein ekstra kostnad. Hatlebakk argu-men-terer for ei realistisk likevekt der den tredje parten får del i utbyttet av den låge løna.

Personalia:
Magnus Hatlebakk er fødd i Oslo i 1963 og er vaksen opp i Bergen. Han er cand. polit. frå Universitetet i Bergen i 1991. Han var forskar ved Stiftelsen for samfunns- og næringslivs-forskning (SNF) i Bergen frå 1992 til 1996, og er frå hausten 2000 tilsett same stad. Doktorgrads-arbeidet har vore finansiert av Noregs forskingsråd og er utført ved Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen. Hatlebakk har hatt forskings-opphald ved Cornell University i USA og har samarbeidd med Tribhuvan University i Nepal.

Tid og stad for disputasen:
15.06.2001, kl. 13.15, Auditoriet i Lauritz Meltzers hus, Fosswinckelsgt. 6.

Kontaktpersonar:
Magnus Hatlebakk, 55 95 97 09 (a), 55 20 06 96 (p), e-post: magnus.hatlebakk@snf.no
Informasjonsavdelinga v/ mediekontakt Kristin Sandereid, tlf. 55 58 90 34 (a), epost: kristin.sandereid@info.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det samfunnsvitenskapelige fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.