Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2003

NY DOKTORGRAD

Sporelement i personar med amalgamfyllingar

   
Paul Johan Høl disputerer fredag 9. mai 2003 for dr. scient.- graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Trace elements in persons with dental amalgam. The role of a chelating agent".

Avhandlinga tek for seg nivået av sporelementa kvikksølv, selen, koppar og sink hos personar med og utan amalgamfyllingar i tennene. Data frå fire grupper blei samanlikna: Friske personar med amalgamfyllingar, personar med amalgamfyllingar og med symptom som er sette i samband med amalgam, personar som har, eller har hatt symptom, og derfor har fjerna alle amalgamfyllingane og friske personar utan amalgamfyllingar.

Kjelatortesten for kvikksølv er ein test som enkelte legar og tannlegar brukar for å diagnostisere helseplager som er relatert til amalgamfyllingar. Kjelatorar er molekyl som dannar sterke kjemiske bindingar til enkelte metall. Forskingsarbeidet viser at utskiljinga av sporelementa kvikksølv, koppar og sink auka i urin hos alle forsøkspersonane etter intravenøs injeksjon av kjelatoren DMPS. Personane med amalgamfyllingar skilde ut meir kvikksølv enn dei utan amalgamfyllingar, men det var ingen skilnad mellom grupper med same mengd amalgam. Det same var tilfelle med konsentrasjonen av kvikksølv, koppar og sink i blod.

Det andre hovudtemaet handlar om at selen kan motverke giftige verknader av tungmetallet kvikksølv. Avhandlinga viste samanhengar mellom selenkonsentrasjonar i blod og urin og mengd amalgam. Personar med amalgamfyllingar skilde ut mindre selen i urin enn dei utan amalgamfyllingar, men alle gruppene hadde normale selenkonsentrasjonar i blod.

Personalia:
Paul Johan Høl er født i 1971 og voks opp i Ålvik i Hardanger. Han tok cand.scient. eksamen i uorganisk analytisk kjemi ved Universitetet i Bergen i 1996 og blei tilsett som universitetsstipendiat i 1998 ved Det odontologiske fakultet. Han er no forskar ved Ortopediske biomaterialer, Innovest AS i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
09.05.2003, kl. 10:15, Auditorium 1, Det odontologiske fakultet, Årstadveien 17.

Kontaktpersonar:
Paul Johan Høl, tlf.: 55586269 (a), 55324193 (p). , epost: paul.hol@odont.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Ingunn Vie Skare, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: ingunn.skare@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.