Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Bribriar og bahá'í-trua

Bjørn Ola Tafjord   
Bjørn Ola Tafjord disputerar torsdag 3. juni for dr.art-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Ritualiserte forståingar: bribriar og bahá'í-trua".

Avhandlinga er basert på feltarbeid og tek føre seg forholdet mellom indianske tradisjonar og bahá'í-trua i eit lite lokalsamfunn hjå den indianske gruppa bribri i Costa Rica. Bribriar som har valt å verte bahá'íar forstår religionen i lys av sine indianske tradisjonar - og forståingar av indianske tradisjonar endrar seg på bakgrunn av bahá'í-trua si lære. Stikkord som kan nemnast i høve til handsaminga av materialet er: tid og rom, roller og kontekstar, praksisar og ideal, ritualiseringar og ritual, makttilhøve og pragmatikk, lojalitet og interesser, individ og kollektiv, det lokale og det globale, fleksibilitet og dynamikk, brot og kontinuitet, og forståingar av fortida, notida og framtida.

Personalia:
Bjørn Ola Tafjord (f. 1975) er oppvaksen i Valldal, Møre og Romsdal. Han har religionsvitskap, sosialantropologi og spansk språk og latinamerikastudiar i fagkrinsen frå lågare grad, alt ved UiB. Sidan januar 2004 har han vore førebels tilsett som universitetslektor ved Seksjon for religionsvitskap, UiB.

Tid og stad for disputasen:
03.06.2004, kl. 10:15, Auditorium A, Sydneshaugen skole.

Kontaktpersonar:
Bjørn Tafjord, epost: Bjorn.Tafjord@krr.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side