Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Skriftmeistring og tekstlege deltakingsformer 1760 - 1840

Arne Apelseth   
Cand. phil. Arne Apelseth disputerer fredag 3.september for dr.art graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

" Den låge danninga. Skriftmeistring, diskursintegrering og tekstlege deltakingsformer 1760 - 1840"

Avhandlinga tek opp verknader av allmenn skriftleggjering, både den påtvinga og den som var frivillig tileigna. Utgangshypotesen er at det kan identifiserast tre distinkte meistringssteg i ein lengre endringsprosess: lesing (akkumulasjon), skriving (produksjon) og handling på fellesskapens vegner (aktualisering), og at prosessen kom klart til uttrykk i skriftlege kjelder etter om lag 1760. Det vert diskutert korleis tekstar skapte nye og endra samhandlingsformer på mange livsområde, og er lagt vekt på det omskiftelege i måtar som tekstar vart skrivne, distribuerte og absorberte på i perioden. Endeleg tek avhandlinga opp kvifor skriftdiskursar også omfattar spørsmål om danning og makt. Periodens tekstar og tekstbruk er relatert til ein danningsproblematikk som utvikla seg parallelt med at den prenta kulturen ekspanderte etter 1500-talet. Det skrivne er vurdert som eit medium for sosial og kulturell endring, særleg på grunn av dei eigenskapar som skrifter og tekstar har til å påverke former for integrasjon, differensiering og spesialisering. Skrift- og tekstkonvensjonar kom gradvis til å organisere både det sivile samfunnslivet som statsbyråkratiet, og seinast ved inngangen til 1800-talet femna skriftkultur i ei eller anna form om alle samfunnsindivid.

Personalia:
Arne Apelseth vart fødd i Kitimat i Canada i 1957. Han blei cand. phil. i 1989 med hovudfag i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen. Han er no førsteamanuensis ved Institutt for kultur og litteratur, Universitetet i Tromsø. Vil i studieåret 2004-2005 vere tilsett ved Høgskolen i Stavanger.

Tid og stad for disputasen:
03.09.2004, kl. 10:15, Aud. B, Sydneshaugen skole

Kontaktpersonar:
Arne Apelseth, tlf.: 51831355/ mobil 92230754 , epost: arne.apelseth@his.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side