Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Fossile planterestar som eit terrestrisk klimaarkiv

Wenche Eide   
Cand. scient. Wenche Eide disputerar fredag 16. januar for dr. scient graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Plant macrofossils as a terrestrial climate archive for the last 11 000 years in south and central Norway".

Studiet tek hovudsakleg for seg korleis tregrensene har fluktuert dei siste 11 000 år (Holocen). Dagens kunnskap om plantane sine krav til temperatur og nedbør er nytta til å rekonstruere klima bakover i tid ved hjelp av fossile planterestar (t.d. frø, blad) som er plukka ut frå borekjernar tekne frå botnen av vatn. Områda som er studert ligg i Setesdalen og på Dovre. Resultata syner at bjørk og furu voks høgare opp på fjella i fyrste halvdel av Holocen enn i dag, sannsynlegvis på grunn av varmare somrar. Studiet syner og at lokale forhold (t.d. klima, topografi, konkurranse mellom artar, menneskeleg påverknad) spelar ei stor rolle for korleis tregrensa har endra seg.

Dette er det fyrste studiet i Noreg der plante makrofossil har danna hovudgrunnlaget for rekonstruksjon av tregrenser. Ei samanlikning med andre metodar, blant anna pollenanalyse og megafossil (t.d. trestammar), syner at fossile planterestar er eit nødvendig reiskap for tregrenserekonstruksjonar. Ein del av avhandlinga tek for seg om den årlege auken i den atmosfæriske konsentrasjonen av CO2 påverkar spalteopningane (der gassutvekslinga føregår) på nåler og blad av furu og bjørk, og på kva måte. Det blei og sett på om variasjonar i tettleiken av spalteopningar hjå furu og bjørk kan nyttast til å rekonstruere CO2 attende i tid. Resultata syner at det ikkje er ein enkel samanheng mellom tettleiken av spalteopningar hjå furu og bjørk og den atmosfæriske konsentrasjonen av CO2, men at fleire faktorar spelar inn.

Personalia:
Wenche Eide er født i 1972 og oppvoksen på Farsund, utanfor Førde i Sunnfjord. Etter avlagt cand. scient grad ved Botanisk Institutt, Universitetet i Bergen i 1997 var Eide tilsett på ulike prosjekt ved UIB før ho i 1999 fikk dr. stipend frå VISTA, eit grunnforskingsprogram etablert av Det Norske Videnskaps-Akademi og STATOIL. For tida er ho lønna som forskar ved Botanisk Institutt.

Tid og stad for disputasen:
16.01.2004, kl. 10:15, Auditorium 4, 4. etg., Realfagbygget,

Kontaktpersonar:
Wenche Eide, tlf. 55 58 33 51, epost: Wenche.Eide@bot.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side