Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Når torsk møter forskingsfartøy

Nils Olav Handegard   
Cand.scient. Nils Olav Handegard disputerer den 29. oktober for dr.scient.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«Cod reaction to an approaching bottom trawling vessel investigated using acoustic split-beam tracking»

Temaet i avhandlinga er korleis torsk reagerer på eit forskingsfartøy under tråling. Tråling er eit viktig verktøy når mengda av ein fiskebestand skal reknast ut. Fleire undersøkingar har vist at fisken kan reagera på fartøyet og med det påverka resultatet, men vi veit ikkje så mykje om denne reaksjonen. Det er derfor utvikla ein metode for å observera denne åtferda, og forsøk er utført langs kysten av Finnmark. Forsøka viser at fisken dykkar om lag 15 minutt før fartøyet passerer, og at fisken reagerer retningsbestemt på fartøy og trål. Den kraftigaste reaksjonen observerer vi som unnaviking frå trålvaierane.

Personalia:
Nils Olav Handegard vaks opp i Kvinnherad i Hordaland. Han har tidlegare utdanning som maskiningeniør, og tok cand.scient. eksamen i anvendt matematikk ved Universitetet i Bergen i år 2000. Etter ein kort periode på Nansen Environmental and Remote Sensing Center i Bergen, vart han i 2001 tilsett som stipendiat ved Havforskingsinstituttet i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
29.10.2004, kl. 12:00, Auditorium pi, Godskes hus, Johannes Brunsgate 12

Kontaktpersonar:
Cand.scient Nils Olav Handegard, tlf.:55 23 68 03 (a), 95 85 40 57 (p)
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side