Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Språk og språkhaldningar hjå ungdomar i Sogndal

Ragnhild Haugen   
Ragnhild Haugen disputerer fredag 17. desember for dr. art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Språk og språkhaldningar hjå ungdomar i Sogndal".

I denne avhandlinga har ho sett nærare på kva som særmerkjer talemålet og haldningane til talemålet hjå ungdomsskuleelevar i regionsenteret Sogndal. Ettersom studieobjektet haldningar og språknormer ikkje kan observerast direkte, har ho nytta ulike metodiske tilnærmingar. Ho har undersøkt haldningar både ved hjelp av indirekte og direkte metodar og halde desse resultata saman med den verkelege språkbruken hjå ungdomane. Dei sosiale normene som ungdomane hadde tileigna seg i kontakten med foreldre og vener i dei næraste sosiale nettverka, såg ut til å spela ei sentral rolle. Gutar var meir positive til sogndalsdialekten og snakka meir tradisjonelt enn jenter. Det å ha minst éin av foreldra sine frå Sogndal og å ha eit sosialt nettverk med andre sogndøler såg ut til å ha mykje å seia for kor positive haldningar dei hadde til dialekten i Sogndal og til om dei sjølve hadde eit talemål som bygde på dei tradisjonelle sogndalsformene. Ragnhild Haugen har vore knytt til det store nasjonale prosjektet om talemålsendring i Noreg (TEIN).

Personalia:
Ragnhild Haugen er fødd i Bergen 1969 og oppvaksen i Sogndal. Ho tok hovudfag ved Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen hausten 1997. I perioden 1998 - 2000 arbeidde ho som lektor i ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen før ho byrja på doktorgraden i januar 2000. Hausten 2004 har ho vore tilsett som førstelektor ved Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesninga:
16.12.2004, kl. 18:30. Oppgitt emne: "Det lokale talemålets plass og rolle i målreisinga i Sogn"
Stad: Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplassen 9.

Tid og stad for disputasen:
17.12.2004, kl. 10:15, Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplassen 9.

Kontaktpersonar:
Ragnhild Haugen, tlf: 55 58 23 54, mob: 41 40 01 17, epost: Ragnhild.Haugen@nor.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side