Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Nærspråkleg skjønnlitteratur i omsetjing

Kjetil Berg Henjum   
Kjetil Berg Henjum disputerer 27. februar 2004 for dr.art. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Literarische Sprache der Nähe in Original und Übersetzung. Untersucht am Beispiel der Verbspitzenstellung im Deutschen und im Norwegischen."

Avhandlinga tek føre seg setningar som i høve til normalspråkleg setningsbygnad manglar det fyrste leddet og difor har det finitte verbet fyrst, t.d. Veit ikkje og Weiß nicht, og undersøkjer korleis dei blir brukte i tysk og norsk skjønnlitteratur som eit middel til å skape ein munnleg litterær stil. Hovuddelen av arbeidet granskar korleis dei er omsette frå tysk til norsk og frå norsk til tysk. Grunnlaget for granskinga er fem tyske og fem norske romanar frå det 20. hundreåret med svært mange slike setningar, m.a. Katz und Maus av Günter Grass og Beatles av Lars Saabye Christensen. Det viser seg at setningstypen blir handsama svært ulikt av ulike omsetjarar, men ein hovudtendens er at han blir omsett med fullstendig setning, t.d. Ich weiß nicht og Eg veit ikkje. Dessutan er det til dels store ulikskapar i måten forteljartekst og dialogar er omsette på, og det spelar òg ei rolle for omsetjingsmåten kva for eit ledd som manglar, t.d. ich/eg vs. du eller es/det. Alt i alt framstår omsetjingane som grammatisk meir korrekte og slik sett mindre munnlege i stilen enn originalane.

Personalia:
Kjetil Berg Henjum er fødd i 1970 og oppvaksen i Måløy. Han blei cand. philol. i tysk språkvitskap ved UiB i 1996, vikarierte ved Universitetet i Tromsø etter hovudfaget, blei NFR-stipendiat ved Germanistisk institutt, UiB, hausten 1998 og har etter stipendperioden vore knytt til Germanistisk institutt og fyrstesemester-studiet ved HF-fakultetet, UiB.

Tid og stad for disputasen:
27.02.2004, kl. 10:15, auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplassen 9

Kontaktpersonar:
Kjetil Berg Henjum, tlf. 55 58 23 40, epost: kjetil.henjum@germ.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side