Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Praksis og verdiar i samfunnsfagleg fagutvikling

Roger Hestholm   
Cand.polit. Roger Hestholm disputerer 25. juni for dr. polit. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Vurderingar. Kvalifisering til verdfull samfunnsvitskap".

Studien tar utgangspunkt i reaksjonar og synspunkt på ei evaluering av Det samfunnsvitskaplege fakultetet ved UiB og faginstitutta der. Intervju med eit utval tilsette og administratorar får fram ulike former for argumentasjon for og i mot tiltaket. Grunngjevingane som stør argumentasjonen er av spesiell interesse fordi desse får fram forholdet til verdiar. Vidare i avhandlinga blir aktørane sine evner til kritisk analyse retta mot meir omfattande og vedvarande aspekt ved forskingsarbeid og fagutvikling. På basis av dette blir det mogleg å identifisere viktige legitimeringsformer i samfunnsfaga, dvs. kva for samfunnsmessige verdiar vitskapleg og administrativt tilsette påkallar og stør seg på i høve ulike problemsituasjonar. Forholdet til historie, materielle objekt og organisatoriske ordningar spelar her saman med argumentasjonen om verdiar. I kor stor grad det er krav om allmenn, offentleg grunngjeving for synspunkt skiftar i forhold til om aktørar diskuterer med "samfunnet", "vitskapen", eller det "familiære" instituttmiljøet, men desse tre samanhengane er alle viktige for å gjere fagdisiplinar og fagpersonar kjende og påskjøna. Studien framhevar likevel at internasjonal publisering og det å få merksemd i vitskaplege miljø utanfor landets grenser for tida er det viktigaste kjenneteiknet på suksess i samfunnsfaga, og at dette kan stå i ein viss motsetning til ideal og samfunnsoppgåver som blir drege fram av dei same aktørane i andre samanhengar. Slike motsetningar blir likevel ikkje forstått som at aktørar handlar annleis på eit autentisk, verkeleg plan enn på eit retorisk. Det er heller slik at ulike problemsituasjonar utgjer ulike realitetar, som også krev ulik argumentering og handling. Samla sett medverkar studien til diskusjonen om tilhøvet mellom vitskap og samfunn, både i forhold til om vitskapleg praksis og vitskaplege verdiar er spesielle i høve andre samfunnsområde, og i forhold til om vitskapleg kunnskap kan stå over andre kunnskapsformer i samfunnet.

Personalia:
Roger Hestholm er fødd på Askøy i 1967. Han tok cand. polit. grad ved Sosiologisk institutt i 1995, og har vore stipendiat ved same institutt i perioden 1997 - 2001.

Tid og stad for disputasen:
25.06.2004, kl. 10:15, Auditoriet i Ulrike Pihls hus, Professor Keysersgt. 1.

Kontaktpersonar:
Roger Hestholm, tlf. 55 24 52 27 / 99 39 63 56, epost: Roger.Hestholm@sos.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side