Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2004

NY DOKTORGRAD

MOO, åpen kildekode og humanvitenskapen

Jan Rune Holmevik   
Rune Holmevik disputerer fredag 9. januar for Dr. art. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Traceback: MOO, Open Source, and the Humanities"

Utgangspunktet for Holmevik si doktoravhandling er spørsmålet om korleis ein i humaniora kan kome i meir direkte inngrep med informasjonsteknologisk utvikling. Avhandlinga er ein hybrid der første halvdel består av ein tradisjonell monografi, medan andre halvdel er eit dataprogram. I monografien studerer Holmevik m.a. framveksten av "Hacker" rørsla og dei "Open Source" metodane som denne gruppa har utvikla gjennom dei siste 30 åra. Med bakgrunn i denne studien har han så praktisert desse metodane i utviklinga av det Internettbaserte konferansesystemet enCore. Dette systemet har vore under utvikling sidan 1998 og har i dag tusenvis av brukarar verda over. Systemet er fritt tilgjengeleg for nedlasting frå http://lingua.utdallas.edu/encore/

På grunn av den unike og spennande koplinga mellom teori og praksis framstår dette prosjektet som eit eksempel på kva eit større forskingsarbeid innan faget Humanistisk informatikk kan innebere.

Personalia:
Jan Rune Holmevik, fødd. 1966 i Geiranger, er Cand. Philol. i teknologihistorie frå Norges teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim, 1994. Frå 1993-1995 var han forskar ved Norsk institutt for forskning og utdanning (NIFU) i Oslo, og frå 1996 fram til starten på doktorgraden i 1998 var han tilsett som universitetslektor ved Seksjon for humanistisk informatikk, Universitetet i Bergen. I perioden 2000 til 2002 var Holmevik gjesteforskar ved University of Texas at Dallas der han m.a. var med å starte opp eit nytt senter for "Interactive Arts and Technology". Doktorgradsprosjektet hans har vore finansiert av Noregs forskningsråd gjennom SKIKT programmet, med støtte frå Universitetet i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
09.01.2004, kl. 10:15, Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Kontaktpersonar:
Jan Rune Holmevik, tlf. 97 15 45 11, epost: jan.holmevik@uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.