Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Spreidd gammastråling brukt i industrielle målesystem

Marie Bueie Holstad   
Marie Bueie Holstad disputerer 17. desember for dr.scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Gamma-ray scatter methods applied to industrial measurement systems"

Temaet i avhandlinga er korleis ein kan nytte radioaktivitet, nærare bestemt spreidd gammastråling, for å gjere målingar i prosessindustrien. Målet er å "sjå" inn i røyr og tankar på prosessanlegga for å betre kunne forstå og styre prosessane. I prinsippet kan dette samanliknast med bruk av røntgenstråling innan medisin. Det som er nytt i Holstad sitt arbeid er at ho kombinerer måling av radioaktiv stråling som har vorte spreidd i eit medium med stråling som har gått gjennom mediet. På denne måten kan ein sei meir om samansetjinga til mediet. Arbeidet viser og at ein kan nytte spreidd gammastråling i tilfelle der ein ikkje kan nytte stråling som har gått rett gjennom mediet. Holstad har ved hjelp av ei rekkje eksperiment og modellar gjort grunnleggande studiar av spreiing av gammastråling og av nytta dette har i reelle målesystem som er tekne i bruk i såkalla prosessdiagnostikk.

Personalia:
Marie Bueie Holstad vart fødd i Bergen in 1975 og vaks opp i Vik i Sogn. Ho tok cand.scient. eksamen i Industriell instrumentering ved Universitetet i Bergen i 2000. Etter å ha jobba eit år på utviklingsavdelinga til Tracerco (UK) vart ho tilsett som NFR-stipendiat ved Institutt for fysikk og teknologi i 2001.

Tid og stad for disputasen:
17.12.2004, kl. 13:00, Auditorium 2, Realfagbygget, Allegt.41.

Kontaktpersonar:
Marie Holstad, tlf: 55 36 55 45, mob: 96 20 55 45 , epost: marie.holstad@matthey.com
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side