Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Langtidsresultat etter intensivbehandling

Reidar Kvåle   
Reidar Kvåle disputerer fredag 30. januar for dr.med. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Long-term outcomes after intensive care"

Alvorlege sjukdommar og skadar kan føre til at pasientar får svikt i livsviktige organfunksjonar og treng intensivbehandling. Studiar syner at opp mot ein tredel av intensivpasientane døyr under sjukehusopphaldet. Avhandlinga tek for seg vidare leveutsikter, helserelatert livskvalitet og funksjonsnivå blant overlevarane. Ved konsultasjonar i ettertid har pasientane fått informasjon, og det er kartlagt kva dei hugsar av opphaldet, og kva fysiske og psykiske plager dei har hatt.

Resultata er meir positive enn ein kanskje skulle vente. Dei som overlever vel 1 år etter intensivopphaldet, har vidare leveutsikter som folket elles. Som gruppe har tidlegare intensivpasientar redusert livskvalitet og nedsett funksjonsevne samanlikna med gjennomsnittet i befolkninga. Men dei fleste greier seg utan hjelp, og mange er nøgde med livskvaliteten. Helserelatert livskvalitet aukar jamt over frå 6 månader til 2 år etter intensivopphaldet.

Pasientar hugsar generelt lite frå intensivopphaldet. Gjenteken informasjon og forklåring etter utskriving er difor nyttig for realitetsorientering og rehabilitering. Nokre pasientar har urovekkjande minne som tyder på at symptomlindringa kan betrast. Vekttap og ernæringsstatus ser ut til å vere eit forsømt område i fasen etter utskriving. Avhandlinga syner at vi må leggje vekt på både fysisk og psykisk rehabilitering etter eit intensivopphald. Oppfylging bør organiserast med direkte konsultasjonar, som har vist seg nyttig for både pasientar og personale.

Personalia:
Reidar Kvåle er fødd i 1963 og oppvaksen i Fusa. I 1989 avla han cand. med.-graden ved Universitetet i Bergen. Han vart spesialist i anestesiologi i 1997, og frå 1998 har han arbeidd som overlege i anestesi ved Kirurgisk serviceklinikk ved Haukeland Universitetssykehus.

Tidspunkt og sted for prøveforelesningen:
29.01.2004, kl. 14:15. Oppgitt emne: "Intensivmedisin; fortid, nåtid, framtid"
Sted: Auditoriet, Røntgenavdelingen, 1.etg. Sentralblokken, Haukeland Universitetssykehus

Tidspunkt og sted for disputasen:
30.01.2004, kl. 10:15, Røntgenavdelinga sitt auditorium i 1. etg., Sentralblokka, Haukeland Universitetssykehus

Kontaktpersoner:
Reidar Kvåle, tlf. 55976850, epost: reidar.kvale@helse-bergen.no
Formidlingsavdelingen v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlingen kan lånes på Det medisinske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side