Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Kor nyttig er utviklingspsykologisk kunnskap i familieterapi

Magne Mæhle   
Cand. psychol. Magne Mæhle disputerer 11. juni for dr. philos.-graden ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Re-inventing the child in family therapy: An investigation of the relevance and applicability of theory and research in child development for family therapy involving children"

Det generelle utgangspunktet for avhandlinga er å undersøke forholdet mellom akademisk kunnskap og klinisk praksis. Meir spesifikt tek den for seg forholdet mellom familieterapi og utviklingspsykologi. Avhandlinga drøftar bakgrunnen for at familieterapifeltet har vore kritisk til bruken av akademisk kunnskap. Med referanse til kunnskapsteori, utviklingspsykologisk forsking og kliniske erfaringar, vert det argumentert for at kunnskap om barns utvikling og eigenart både er nødvendig og nyttig for å kunne drive effektiv og etisk forsvarleg familiebehandling som involverar barn. Det vert vidare peikt på at familieterapi og utviklingspsykologi har eit interessefellesskap ved at begge er opptatt av korleis meinig vert skapt gjennom gjensidig fortolking, og av historieforteljing (narrativer) som eit reiskap til å gi erfaringar og opplevingar meinig. Avhandlinga viser også korleis kunnskap om dette kan brukast i familieterapeutisk arbeid med barn.

Personalia:
Magne Mæhle er fødd i Sunndal på Nordmøre. Han tok psykologisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1979. Sidan 1983 har han vore busett i Sogn og Fjordane: Først to år i Fjaler, og frå 1985 i Sogndal, der han var sjefpsykolog ved Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk fram til 1997. Frå 1997 har han vore tilsett som forskar ved Regionsenter for barn og unges psykiske helse i Bergen. Samstundes har han hatt ein deltids privat praksis i Sogndal. Han er spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi.

Tid og stad for prøveforelesningene:
10.06.2004, kl. 16:15. Sjølvvald emne: "Eit utviklingspsykologisk perspektiv på behandlingsmessig evidens"
10.06.2004, kl. 17:15. Oppgitt emne: "Hvilke bidrag gir resiliens-forskning til vår kunnskap om beskyttelsesfaktorer og mestring i barns utvikling?"
Sted: Auditoriet, Christiesgt. 12, 1.etg.

Tid og stad for disputasen:
11.06.2004, kl. 10:15, Auditoriet, Christiesgt. 12, 1.etg.

Kontaktpersonar:
Magne Mæhle, tlf. 55 58 88 58(A) / 57 67 54 20 (P), epost: magne.maehle@rbup.uib.no
Kathrine Kloppen Gladyszak, tlf. 55 58 84 13, epost: kathrine.gladyszak@rbup.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det psykologiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side