Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Dei politiske partia i kommunane

Hans-Erik Ringkjøb   
Hans-Erik Ringkjøb disputerer fredag 19. november 2003 for dr. polit-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Partia i lokalpolitikken"

Avhandlinga tek utgangspunkt i partiforskinga si manglande interesse for korleis dei politiske partia fungerer lokalt. Trass i at det er i kommunane dei aller fleste partimedlemar deltek politisk, har denne sida ved partia i stor grad blitt oversett i forskinga. Avhandlinga søker å svare på to hovudspørsmåla: a) Korleis fungerer dei politiske partia i kommunane?, og b) kva rolle spelar lokalpartia internt i kvart enkelt politisk parti?

Avhandlinga peiker på at det kan vere vanskeleg å kjenne att dei ulike partia når det er lokalpolitiske spørsmål som står på agendaen. I viktige lokalpolitiske saker spelar ikkje dei partipolitiske skiljelinene ei dominerande rolle, mykje viktigare er gjerne kvar i kommunen dei ulike representantane bur. Vidare stiller avhandlinga spørsmål ved om utviklinga av kommunane som sentrale leverandørar av velferdsgode har ført til ei svekking av partiorganisasjonane. Bakgrunnen for dette er at aktiviteten i partia i aukande grad er retta inn mot sakene som skal handsamast i kommunestyra, og at lokalpartia dermed i mindre grad skjøttar oppgåvene sine i partiorganisasjonen. Ei anna årsak er svekkinga av partiorganisasjonane. Partia har færre medlemar, dei har færre møte og det er få medlemmer som gjer stadig meir. Som ein konsekvens av dette er partia nærast blitt tvinga til å effektivisere arbeidet sitt, noko som kjem til uttrykk ved at det som før var eigne styre-, gruppe- og medlemsmøte no i mange lokalparti er eitt felles møte.

Enkelte forsøk på å endre den negative utviklinga for partia vert også diskutert. Innføring av kommunal parlamentarisme og den såkalla komitémodellen skulle mellom anna føre til meir partikonflikt lokalt. Analysane av effektar ved desse modellane viser ein auke i lokalpolitikarar som vurdere rolla som partipolitikar som viktig, men med tanke på konfliktar mellom partia er dei vel så store i kommunar som er organiserte etter den tradisjonelle formannskapsmodellen. Eit viktig spørsmål i den vidare diskusjonen rundt partia i kommunane er om vi ønskjer at dei skal bli som partia nasjonalt eller om dei skal bevare sitt lokale særpreg.

Personalia:
Hans-Erik Ringkjøb, fødd (1970) i Bergen og oppvaksen på Voss, avslutta hovudfagsstudiet ved Institutt for administrasjon- og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen i 1996. Som stipendiat var han tilsett ved Vestlandsforsking og Senter for samfunnsforskning på et prosjekt finansiert av Norges Forskningsråd. I perioden 2000 til 2003 var han forvaltningsrevisor ved Indre Hordaland Revisjonsdistrikt. No arbeider han som forskar ved Rokkansenteret, UiB.

Tid og stad for disputasen:
19.11.2004, kl. 10:15, Auditoriet, Ulrike Pihls hus, Professor Keysers gate 1

Kontaktpersonar:
Hans-Erik Ringkjøb, tlf 55589724, epost: hans-erik.ringkjob@rokkan.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a),
epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side